Klimaendringane

JEG ER GRETA: En mann selger Greta Thunberg-masker under en klimamarkering. FOTO: Esteban Felix / Ap Photo / NTB Scanpix

Viss eg fekk bestemme ville eg gjort noko med klimaendringane.

Dette lesarbrevet er ein del av ein serie lesarbrev skrive av elevar på 9. trinn ved Valstrand skule. Elevane har skrive på nynorsk, om emnet «viss eg fekk bestemme».

Viss vi ikkje gjer noko med klimaendringane vil det bli eit stort problem over heile verda som rammar alt og alle. I naturen har det alltid vore eit bestemt CO² nivå i atmosfæren. CO² på jorda har alltid blitt lagra i forskjellige former på jorda, som i fossil, i plantar og i havet. Dette har etter kvart blitt sleppt ut litt og litt i atmosfæren. Men etter at menneska begynte å ta opp olje frå havet har det blitt sleppt ut meir CO² av jorda enn det som har blitt gjort før. Dermed vil CO² nivåa i atmosfæren auke. Det vil føre til at drivhuseffekten vil bli sterkare, altså at sollyset som kjem gjennom atmosfæren ikkje slepp ut igjen. Da vil jorda bli varmare, isbrear vil smelte, havet vil stige, det vil bli dårleg luft, nedbøren vil bli sur og det vil bli meir ekstremvêr.

For å løyse dette problemet kan både landa og kvart enkelt menneske gjere noko for å bidra. Landa kan produsere varer på ein meir klimavenleg måte. Dei kan også gjere kollektivtilbodet betre. Det kan for eksempel vere å gi eit betre buss-tilbod, spesielt i bygder, satse på jernbaneutbygging og satse mindre på flytilbodet. I tillegg kan dei gi meir pengar til utplanting av skog slik at trea kan ta opp CO² og gjere lufta reinare. Forsking kan hjelpe til å finne opp meir miljøvennlege produkt og måtar å produsere ting miljøvennleg på. Derfor kan landa gi meir pengar til slik type forsking. Desse tiltaka kan også gjerast av kommunen og fylkeskommunen.

Som enkeltperson kan ein reise meir kollektivt i staden for å køyre bil, eller kanskje sykle eller gå viss avstanden er kort nok. Ein kan også vere meir oppmerksam på kva for nokre varer som er produsert på ein miljøvenleg måte, og ein kan ete mindre kjøt.

Å løyse klimaproblemet bør ha største prioritet i mange land. Klimaproblemet i seg sjølv er veldig akutt, og å løyse klimaproblemet kan også løyse mange andre verdsproblem som svolt og fattigdom. Viss klimaproblemet blir løyst, vil det bli enklare å dyrke fleire matvarer og det vil bli mindre ekstremvêr. Det kan gjere at folk får meir mat, maten blir billigare fordi det blir produsert meir og folk slepp å miste husa og andre viktige eigedelar i ekstremvêr. Derfor er klimaproblemet eit viktig verdsproblem å ta opp og prøve å gjere noko med.

Benjamin Eikrem