Skogsarbeidar og lærar

PREMIAR: Jens Vellene med noe av premiesamlinga si.

Allsidig skulemann fyllar 80 år.

Kulturbæraren, skulemannen,friluftelskaren, historikaren og skogsmannen, Jens Magne Vellene, født og oppvaksen i Fidjebygda i gamle Vegusdal kommune fyller 80 år.

– Eg gjekk mine sju år på Retterholt skule. Seinare blei det framhaldskule i Mykland, der budde eg til helgane, då reiste eg heim med jernbana til Fidjetun stasjon, fortel Vellene til Birkenesavisa.

Etter endt skulegang var han passeleg skulelei og fekk arbeid i skogen.

– Der hogg eg last, det lika eg godt. Men etterkvart meinte mor mor mi at eg kanskje kunne gå vidare på skule. Etter opptaksprøve til Hornes offentlege landsgymnas, kom eg inn og gjekk der i fire år, seier Vellene.

I skogen

Kvar sumar arbeidde han i skogen hjå Søren Omestad frå Iveland. Omestad var skogbruksleiar på den tida. Men så vart det ei ledig stilling som lærar i Ljosland skulekrins. Der var ein todelt skule, dette var i 1959-60.

– Eg søkte stillinga og fekk ho, eg treivs godt der i Iveland. Det blei slik at eg ville satse på læraryrket, og søkte meg inn på lærarskulen i Kristiansand, fortel Vellene.

Den gang var det eit toårig studium. Etter endt skulegang fekk han stillinga som skulestyrar på Engesland skule. Han byrja der i 1972.

Skulebrann

– Men så brann skulen ?

– Ja, natt til 17. oktober i 1980 blei det oppdaga at det brann i den gamle delen av skulen. Det blei bestemt etter brannen, at skulen skulle byggjast opp igjen, og 1980 til 1982 blei det halde skule i kommunehuset og bedehuset, sier han, og fortel:

– På ei veke blei det jobba på spreng av alle tilsette og andre frivillige for å klårgjere skulestart i august 1982. Dugnadsånda var stor.

Fleire prisar

Vellene gjekk av som rektor etter 32 år, når han selv blei 65 år.

– Var du trøytt og lei ?

– Eg var ikkje motivert til å halde på lenger. Det var mykje nytt innen data og tekniske ting, sier han.

Vellene har mottatt fleire prisar. Kongens fortenestemedale i sylv og Birkenes kommunes kulturpris for arbeidet med kulturbindet og gard og ettesoga for Vegusdal.

Engasjert type

– Kva med politikk?

– Eg har aldri vore medlem av noe politisk parti, men sto på Venstre si liste til kommunevala. Eg har vore med i kulturutvalet i to periodar, sier han.

Vellene har hatt stor interesse for skiløp og har ei stor samling pokalar og mange gjeve premiar. Jakt har og vore ei av innteressane, då rypejakt saman med den engelske setteren «Labb», ellers har Ul Heimtun og idrettslaget Gry vore ein av hjarteintressane hans, i tilegg av verv i utallige komiteear og nemnder.

Det er ein svært allsidig kar, som markerer sine 80 år saman med slekt og vener.