INNSPILL fra Olav Kristian Dovland, med ønske for Vegusdal: – Ein eksotisk utkant som dreg til seg spanande menneske.

 

Salige sokneprest Hansen gav opp Birkenes og reiste til Salten. Vel kunne han og kona titulere seg som prost og prostinne der, men det var neppe grunnen til at han drog. Han har sjølv skrive om opplevingane og mottakinga som prest i Birkenesavisa sin krins. Kjapt og frekt sagt blei han mobba ut av bedehusmiljøet på Birkeland.

Eg veit ikkje om dette er heilt sant, men moderne journalistikk skal gjerne få folk til å sette kaffien i halsen, så eg heng meg på trenden. Og eg har eit visst belegg for påstanden. No går eg vidare: Hansen nemner i skrivet sitt at han kjende seg heime i Vegusdal, her var det hjarterom og vidsyn i ein heilt annan grad.

Kvifor opplevde han det? Eg trur slett ikkje me Vegdølar skal tru at me er så fabelaktige. I alle fall har eg ved diverse høve kome med motførestillingar. Men, me har eit snev av nordlending hos oss. Me er ikkje så raske til å kritisere, me er ikkje så heilt overtydde om at me alltid veit best. Me er i snitt nokså joviale og, ikkje minst, me kjenner på at me i stor grad står saman. Me veit at alle gjer feil stundom, og me tek høgde for det. Få her kastar fyrste steinen.

Nei, Birkenesingar og Herefossingar, me er ikkje betre enn dykk! Men det Hansen peikar på er likevel verdt å merke seg. Både for dei som flyttar inn og for dei som bur her er det fundamentalt å kjenne seg som godt likte. Om folk flest skal kjenne på dette, er jovialitet og det å sjå litt stort på ting fundamentalt.

«Rød og hvit og gul og svart, er det samme har han sagt». I dag har me eit stort mangfald av menneske her. Dei fleste er «tradisjonelle nordmenn». Men det er så mange nyanser: Nokre kjem frå ein annan kultur. Nokre er homsar eller lesbiske og atter andre er berre ikkje heilt A4 på anna vis. Kva er problemet? Eg ser det ikkje, bortsett frå at mangfaldet nok trugar nokre gamle førestillingar. Men er dei så rette eller verdfulle alltid?

Kvifor nemner eg nordlendingen? Eg har inga tru på at han er så perfekt heller. Men nordlendingen har rykte på seg for å vere open og inkluderande og sjå litt stort på ting. Sørlendingen har ikkje eit slikt rykte på seg. Kva gjev eit folkeferd rykte? Er det berre tilfeldig eller er det ein sum av observasjonar gjennom lang tid?

Lat oss i Vegusdal prøve å vere Birkenes sitt vesle Nord-Norge, og helst meir! Ein eksotisk utkant som dreg til seg spanande menneske. Som tek vel mot sokneprest Hansen og gjerne og dei som hakket meir ekstreme er.