Fornuft og alkohol

ARKIVFOTO

Kva er «et fornuftig forhold til – og forbruk av alkohol»?

I eit lesarbrev i Birkenesavisa 20. november dette år ber Thomas Stensvand om «lemping av skjenkeregler» i Birkenes. Stensvand for styret i Fjordbrøl påstår «at folk flest har er fornuftig forhold til – og forbruk av alkohol». Fornuftig kan ein vel knapt kalle det faktum at «folk flest» i kongeriket bruker 22 milliardar kronar på alkohol årleg. Så kjem alkoholrelaterte ulykker og øydelegging av materielle verdiar til fleire milliardar, ulykker med kroppslege skadar, tap av helse og menneskeliv, for ikkje å snakke om barn og familiemedlemmer som lid vondt i heimar der alkoholen styrer altfor hardt.

Det er vel slike fakta som har fått politikarane i Birkenes til å sette nokre grenser for bruk av alkohol.

Det er også noko å seie til og om alle dei med eit «fornuftig bruk» av alkohol. Dei aller fleste har det, dei har styring og veit å stoppe inntaket av alkohol i tide. Det dei også burde vere klår over, er at dei sender ut eit signal: Alkohol er ikkje farleg. Det er i alle fall litt av forklaringa på at Norge har eit par hundre tusen menneske som har mista styringa, og som ligg under for sitt alkoholbruk. I tillegg kjem ektefelle, barn, skyldfolk, venner, naboar, kollegaer som sterkt eller delvis får merke alkoholkonsumet til kvar av dei som drikk for mykje …

Fullfører ein reknestykket her, som andre enn eg har gjort, kjem ein fram til eit tal på seks hundre tusen menneske som er meir eller mindre negativt berørt av alkoholbruk i landet vårt. Eg vil tru at omsynet til og solidariteten med dei som lett blir hekta på alkohol, har vore medverkande for dei som har laga retningsliner for skjenkestader og skjenketider her.

La oss vere fornuftige, så vi ikkje går inn for å rive ned grenser for alkoholens herjingar, så Birkenes framleis blir ein kommune der det er godt og trygt å vekse opp i og bu i, for alle.

Lars Aasbø