Fakta og naivitet

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Replikk til Thomas Stensvand om alkoholpolitikk.

Les Thomas Stensvands innlegg her.

Eg trur ikkje at ein streng alkoholpolitikk åleine er nok for å få folk til å la vere å nyte alkohol, endå om det er ein samanheng her. Det er freistande å minne om kampen mot røykinga. Det blei mindre og mindre plass for røykarane etter kvart som lovgjevinga blei strengare. I dag er folk glade og takknemlege for at røykinga er så redusert som ho er.

Men så er det eit viktig moment til. Undersøkingar og erfaringar har slått fast: Di lettare det er å få tak i alkohol, di meir blir det drukke. Utviding av skjenketid og liknande lempingar har same effekt. Politi og helsepersonell kan stadfeste det.

Eg trur heller ikkje at den negative signaleffekten av å drikke alkohol er «mye verre i Birkenes enn i nabokommunene». Denne negative signaleffekten er ille nok som han er, overalt. Det er nok av undersøkingar som syner at «eksemplets makt» er stor. Ungdom frå heimar utan alkoholbruk held seg oftare borte frå alkohol enn unge frå heimar med liberal haldning til alkohol.

Dei aller fleste meiner at alkoholen er ein fiende, og at det må settast grenser mot denne fienden, så han ikkje får meir makt. I denne kampen må me stå saman. Elles hamnar me på defensiven, og alkoholen erobrar nye skansar.

Lars Aasbø