Eit svært gjevande år i Arequipa

BASAR: Toril og Arild Espegren arrangerer basar rett over sommeren.

Vi hadde med oss 143.000 kroner fra hagebasaren i høst, men nå er kassa tom. Pengene har kommet godt med, og blitt godt brukt.  Det er bygd heilt ny barnehage og fire klasserom.

Brukerskapt innhold: Denne saken er skrevet av en av våre lesere.

10.august reiste vi frå Rugsland til millionbyen Arequipa i Sør-Peru. Her har vi sidan 2012 vore med å bygt El Mirador, ein barneskule, i utkanten av byen. Hovedinntektene til skulen har vore pengar vi har fått inn på basaren i hagen vår første lørdag i august gjennom fleire år. Dessutan har vi hatt fadrar og andre gjevarar som har sikra økonomien på skulen.

Då vi kom i august sette vi oss ned saman med arkitekt og det peruanske styret for skulen. Vi arbeidde fort og målretta. Det blei bestemt at vi skulle bygge heilt ny barnehage for barn frå 3- 5 år, og 4 nye klasserom til barnetrinnet. I tillegg blei det planlagt nye uteområde og toalett. I begynnelsen av november starta byggearbeidet, og måtte vera ferdig til skulestart 13.mars. Det blei ei krevande tid, ikke minst bygginga foregjekk på sjølve skuleområdet og barnehagebarna og 2 skuleklassar flytta inn i leigde lokaler tett ved skulen. Sidan Arequipa ligg i eit ørkenområde har det vore ei herleg blanding av støv, sand og sement.  Og blander vi dette saman med vatn og regn så blir det temmeleg vanskeleg å halda reint.

Mye regn og dårlig byggevær

Alle bygg er bygde i murstein og betong, og mykje armeringsjern har gått med. Det dyraste har vore å bygga 2 store trapper opp til klasseromma i 2.etasje på barneskulen. Fordi vi bur eit jordskjelvområde må trappene, i tillegg til alt anna, vera svært solide.

Tidleg i januar starta regntida og i lange periodar har det hølja ned. Nå har vi passert midten av mars og regnet ser ut til å gje seg, men det har ført til ras og mangel på vatn i byen. Her er ingen drenering, så gatene blir som elvar og tek med seg det som kjem i vegen. Dessverre har nokre bilar blitt tekne av vatn og fleire har mista livet. For barna på skulen ser det ut som dei har klart seg så nokonlunde. Verst er det likevel rundt Lima og i Nord-Peru. Nå vonar  og ber vi om at renget må avta, og at alt av nødhjelp og pengar til oppbygging ikkje blir borte på vegen. Vi bur i eit svært korrupt land.

Men når du bygger i betong, så må det tørka. Og det har vore vanskeleg i all nedbøren. Men då skulen starta 13.mars, etter ein lang sommarferie frå 23.desmber, så blei vi med nød og neppe ferdige. Skulestart blei ein flott dag for dei 208 elevane som har valgt El Mirador. Foreldre og barn sto klar ved inngangdøra klokka 08.30. Etterkvart fekk alle sin stol og sin pult. Staten hadde kome med mat slik at mødrene hadde klar frokost frå dag ein. Første dag var det havresuppe og quinoa-kjeks. Næringsrikt og godt. Og slik vil det bli kvar skuledag framover: Først frokost, deretter undervisning.

Foreldremedvirkning

Skulen ligg i eit fattig område av byen. Det som gleder oss mest er å høyra at foreldre i nærområdet har tillit til skulen. Leiaraen av foreldreforeninga, ei mor, sa :» Før hadde vi ikkje vatn, straum og skule. Vi levde eit isolert liv i utkanten av ein millionby. Men nå har vi vatn, straum og skule. Og vi føler oss så velsigna».

Foreldrene må etter peruanske lov delta i utviklinga av skulen der barna går. Slik er det på El Mirador også. Frammøte på dugnad og foreldreundervisning blir nøye registrert. Det er ikkje skulepengar, men foreldrene må betale inn til foreldreforeninga. Desse pengane blir brukt til beste for borna og skulen. 11.mars kom 103 foreldre med kvar sin feiekost. Heile skulen blei feia og vaska i løpet av nokre få timar.

Skulen har inngått ein samarbeid med ein Norad-støtta organisasjon her i Arequipa. Prosjektet skal først og fremst vera forbyggande i forhold til elevar og foreldre.

I november og desember 2016 blei alle barna ved El Mirador intervjua av ein psykolog. Vi blei ikkje overraska over det som kom fram, bare at det var så mykje verre. Svært mange barn på skulen lever i vold , er vitne til vold, lever i alkoholiserte heimar og er i stor grad overlatte til seg sjøl når foredrene er på arbeid. Dersom dei har foreldre då. Ikkje få bur hos slektningar eller besteforeldre. Det er krevande å lesa om slag med belte og hageslangar, øyrefikar og truslar.  Spørsmålet er korleis vi skal oppdra våre barn og elever utan å bruka vold. Det er eit svært vanskeleg tema, og i forbindelse med skulestart har Norad-prosjektet hjulpe oss med kursing av lærarane, og vil hjelpe oss vidare. Det er vi glade for.

El Mirador skal vera ein trygg, kristen skule. Kvar dag skal kvar elev møtast med varme, kjærleik og god undervisning. Det skal vi jobba målretta mot, men det vil ta tid.

Historia om Joel

Vesle Joel, vi kallar han det, kom saman med tanta si rett før skulestart og ville ta avskjed med rektor og Toril. Han skulle flytta til ein nabobydel og då vart det fort langt å reisa til El Mirador kvar dag. Det var trist å ta avskjed, men vi lova å besøka han på den nye skulen i april.

Joel vart fødd av ei mor som drakk mykje alkohol under svangerskapet. Då han vart fødd, lukka ho seg inne og fødde han heilt åleine utan hjelp frå nokon. Då han var nokre få år døydde faren og kroppen hans blei aldri funne. Etter dette drakk ho ennå tettare. Ein dag i Cusco for 4 år sidan, sat ho på ein krakk i det vesle huset der ho budde saman Joel og ei eldre søster. Medan ho sat der, sjuk og elendig, døydde ho med dei to barna som vitne. Søskna blei skilde, og Joel blei sendt til onkelen som budde i Arequipa, ikkje langt frå El Mirador. Og slik kom han til skulen vår. Det blei vanskeleg for oss at han skulle over til ukjent skule og nye vener. Men vi måtte sleppe han.

13.mars, då nytt skuleår byrja, kom rektor bort til meg og sa: «Joel er tilbake. Der var ikkje plass til han på skulen i den nye bydelen». Det var godt at han kom tilbake til oss. På El Mirador vil vi gjerne ha plass til alle barn, fordi vi aldri må gløyme at kvart menneskebarn er unikt og skapt av Gud korleis det nå enn står til.

Og Joel har fadder i Birkenes. Det er han glad for.

Fremdeles behov for innsats

Foreldrene på skulen har eit stort ønske. Dei vil gjerne at vi bygger ungdomsskule, slik at dei slepp å senda barna til andre skular. Til det har vi svart at det er også vårt ønske, men det ligg fram i tid for i dag har vi ikkje pengar til 5 nye klasserom, uteområde, toalett og kjøkken. Men vi har lova å arbeida for at ønska skal bli oppfylte ein dag.

Hagebasaren vi har vore ei viktig inntektskilde. I år greier vi ikkje å få det til. Vi kjem heim tidleg somar og har ikkje kapasitet til eit så stort arrangement. Men har du lyst å støtta skulen, så ta gjerne kontakt med oss.

Snart pakker vi koffertane våre og gler oss til å koma heim. Vi har fått gjort det vil skulle og er svært takknemlige for det.

 

Innsendt av Toril og Arild Espegren

 

VELKOMMEN: Det gjenstår fremdeles litt arbeid før alt er ferdig.

SKOLESTART: Stor trengsel ved skolestart.