– Gamlekyrkja på Herefoss vart rivi i 1865

 

En av BA sine lesere, Arne Mjåland, kom en dag innom oss med denne artikkelen fra Agder Tiden 31. juli i 1943. Den er skrevet av lærer Peder Knutson, og illustrert med hans egen tegning.

– Gamlekyrkja vart rivi i 1865, altso for ei 80 år sidan. Likevel lever det enno folk som hugsar henne og som kan seia med Kvenne Kari: «Der gjekk eg las for gamle presten». Kvenne Kari legg nok til «og der hev eg stade brur», men det kan ingen i Herefoss no lenger seia.

– Tradisjonen om gamlekyrkja tykkjest vera noko tynn, endå gamle folk hugsar henne, og bøkene ein venta seg noko av, er tagale som ei grav, og noko sers byggverk har det nok ikkje vore heller.

– På baksida av altartavla i Herefoss kyrkja står det: «I året 1790 Blev Denne Kirke Ved en Hoved-Reparation og for Det Meste af nyt Sadt i Nærværende Stand ved Kirkens Daværende Eyer Hr. Justis Råd og Sorenskriver Hans Smith Der tillige var Eyer af Frolands Jern Værk.»

– Dette er sagt om gamlekyrkja, og denne Hans Smith må ha vore ein mektig mann økonomisk. I 1780 kjøpte han Frolands verk for 40.000 rd., og «han eiede det i en lang række af år og satte det under fordelagtig drift i ypperleg stand og kjøpte betydelige eiedomme til», er det sagt om han. Kvifor han hadde slege til seg gamlekyrkja med Herefoss, fell noko gåtefullt for oss notidsmenneske. Det må ha vore den tida han var sorenskrivar og budde på Nes. Forvitneleg kan det vera å nemna at son hans, Sivert Smith, var eigar av Frolands jernverk då vår verdskjende matematiker Niels Henrik Abel kom heim frå stipendireisa si i Europa, sjuk og nedføre jolebel 1828. Hjå denne Sivert Smith vart han stelt av kjærlege hender og her døydde han 6. april 1829.

– Gamle folk veit å fortelje om denne kyrkja at det var ei tømra langkyrkje, låg og lita med eit klokketårn oppover. Tufta hadde ho fått eit stykke ned på kyrkjegarden nord for kyrkja no, og då staden låg noko holt til, ruva ho ikkje mykje og var halvt bortgøymt mellom bjørkene. Noko til nedfalls var ho nok og; det kan ein skyna av at heradstyret hadde fleire gonger havt vølingsspursmålet føre. Berre det mest naudsynlege vart gjort, og i 1832 vart det vedteke å byggja ny kyrkje.

– Det drog ut i 13 år før denne stod ferdig, og i denne tida vart nok gamlekyrkja reint vanstelt, og det er frå denne tida dei hugsar henne.

– Kyrkjetufti hadde elles ein verre skavank enn den at ho låg lite berrsynt. Under store flaumar hadde fjorden gått inn i kyrkja. Det skulle henda i 1860. Segna vil vita at vatnet stod då so høgt over golvet at bedeskammelen fram med altaret dreiv ikring. So høgt skal fjorden ikkje ha stige seinare, men i 1837 var han høgre. I 1892 steig han 17 fot over vanleg vassmål. Ei anna tuft måtte dei soleis finna då den nye kyrkje skulle reisast.

– Alle som hugsar gamlekyrkja, nemner støtt altartavla. Det er eit sers vakkert og sjeldsynt treskurdarbeid, som me kjenner frå kyrkja no, men då ho vart flutt dit, vart ho restaurert, og det vil seia at ein vanleg målarsvein fór over henne med kosten. Meir forvitneleg var ho nok i si opphavlege bragd. Altartavla har ymse slette flater, og der var måla bilete med motiv frå bibelen, soleis nattverden og ymse apostlar. Det har vore på tale å få ein fagmann til at kalla alt dette fram att, men enno er spursmålet ope. Eldgamal skal ho og vera, heilt frå den katolske tida, og tradisjonen vil vita at ho før har pryda altaret i Oddernes kyrkje. Korleis ho har funne vegen til Herefoss vert vel aldri oppklåra.

– Om «kyrkjestolane» kan ein nemna at kvar gard hadde sin stol, og dører var det føre inngangen. Kom det so ein framand mann inn, visste han lite kvar han skulle gjera av seg. Han stod då gjerne i midtgangen ei tid og glåpte ikring, alt til ein eller annan miskunna seg over han, let opp døra og bad han inn.

– Tømmeret i gamlekyrkja var veldig, og ei segn vil vita at det er hogge frå knausane mellom Herefossgarden og Smebakken. Her er ymse kjerrhol og myrseg som er brotne opp i seinare tid, og dei digre tyrestuvane som då kom fram i dagen, tyder på at segna kan nok vera sann.

– Då kyrkja vart rivi i 1865 vart ymse tilfang selt på auksjon. Ola J. Herefoss kjøpte då noko av dette grove fintelja tømmeret, og han nytta det til fjøs. Som gutunge gjekk eg ofte og såg på dei digre stokkane, som vel måtte vera minst ei alen tjukke.

– Altarringen kom til Direnes, og der vart han nytta til sauestille. Eg såg dette stílle og, og eg undra meg storleg over kvifor fenaden her fekk ha so vel forseggjort kvi å stå i, tenk både svarva og måla! Seinare fekk eg vita grunnen.

– Preikestolen kom til Stie. Ein gamal mann fortalde meg at han hadde set han i gangen der i huset. Han skulde nyttast til kornbinge, var tanken. Om han hadde gjort tenest, kjende han ikkje til.

– Me vil vel segja at fedrane våre var reine vandalar når dei bar seg åt soleis med slike heilage ting.

– Visst er det at det hadde vore hyggjeleg om desse eignalutene hadde vore à finna oppe på kyrkjeloftet, og rikeleg rom hadde det vore til det.

– Ei mystisk hending frå seinare tid har sume sett saman med den gamle kyrkja. Gravaren heldt på nede på kyrkjegarden med ei grav. Då han var komen ned eit stykke, støytte han brått, som han sjølv sa, på eit steinlik. Gravaren stokk og vart livande redd, heiv seg opp att, so fort han kunde. Hendingi fortalde han då han råka folk. Dei undrast og gissa på om det kunne vera eit balsamert lik av ein eller annan embetsmann som hadde vorte gravlagd under den gamle kyrkja. Herefoss er som kjent gamal embetsgård.

– Avisene fekk tak i hendingi, og soga flaug landet over og vidare óg kan henda. Men folk vilde ha nærare greie på dette. Gravi skulde opp att so ein kunde få vissa. Men no var det alt gått nokre dagar, og kven torde gå inn på kyrkjegarden og bryta gravfreden. Ein måtte ha løyve ein kvar staden ifrå, men kvar helst? Ingen visste det, og tidi skrei, og snart var det ingen lenger som sikkert visste staden. Steinmannen fekk då lov til å kvila i fred, og der ligg han enno, ifall det ikkje er slik som sume tvilande tungar orda om at det heile var ei synkverving.

Ein gong rekk vel gravingí attende til den staden. Den som då lever får sjå.