I «Huset – me prekest» var det bydd inn til kaffe, kake og lapskaus på arbeidernes dag. I det dårlige været ble det trangt om plassen da mellom 20 og 25 vegdøler samla seg til lag innendørs på Landsverk.
Ole Morten Vegusdal holdt først en appell og trakk linjene mellom de tidligere idealene og idéene som var før, opp mot nåtidens arbeiderrørsle, der lønn er det viktigste kravet. Her fikk de fremmøtte høre historien fra slutten av 1800-tallet, og om alle de store endringene gjennom de godt over 100 årene frem til i dag.
Dagens hovedappell ble holdt av Olav Dovland. (Se nedenfor).
BA la merke til at det ikke bare var bra oppmøte i de indre bygder mandag, men at nesten samtlige partier til årets lokalvalg var representert. Det sier vel også noe om at markeringen av 1. Mai er nådd bredere ut hos partiene, enn det var tidligere.
Appell 1. Mai ved Olav Dovland

(Foto: Ukjent/utlånt av Olav Dovland)
Andre juli 1915 var det ein begravelse på Evje. På bildet ser me kista, folka, faner og flagg første juli stod eit stykke i avisa Sørlandet til minne om den gamle stolte arbeider, Gunnar Nygaard. I stykket er spesielt nemnt hans «urokkelige tro på fremtiden og sosialismens sak». Den gamle stolte arbeider døydde av tuberkulose, 49 år gammal. Enka og dei 7 borna ser me til høgre for kista.
Kva fekk Gunnar Nygaard oppleve i si levetid? Han var fødd 9. november 1866 på Nygard i Hovlandsdalen. Då han var to år døydde mora Helje av tuberkulose. Tre år seinare døydde og faren, Jakob. Gunnar hadde ei fire år eldre syster, Gjertrud. Foreldrelause som dei var, kom dei til å vekse opp hos tanter og onklar. Gjertrud kom til Katerås og Gunnar til Der Vest på Dovland. Gjertrud blei gift med fetteren sin på Katerås medan Gunnar blei gift med Gjertrud frå Der Oppe på Dovland i 1893.
Arbeiderpartiet blei stifta i Arendal i 1887. Kva Gunnar visste om dette, veit me ikkje. Gjertrud og Gunnar budde først på Dovland, så dreiv dei eit bruk på Katerås nokre år før dei flytte til Evje i 1902. Her fekk Gunnar arbeid som tømmermann, seinare dreiv han som byggmeister. På Evje kom han i kontakt med Nikkelverkets arbeidarforening og blei glødande engasjert i arbeidarrørsla. Han var ikkje av dei som heldt dei store talane, men han betydde mykje ved at han «trakk i trådane».
Allmenn stemmerett og 48 timersveka var to av fire hovudpunkt då Arbeiderpartiet blei stifta i 1887. Gunnar fekk oppleve stemmerett og han fekk endåtil oppleve at kvinner kunne stemme og vere valbare til styre og stell. Men 48 timersveka kom nokre få år etter Gunnars begravelse, den rakk han ikkje å få oppleve.
Kontrasten til dagens problem er stor. Dei verkeleg store sakene er vunne. Det er med stor takksemd og beundring me minnest dei tidlege forkjemparane for sosialdemokratiet og velferdssamfunnet. For menn som oldefar Gunnar Nygaard passar songen «De unge slekter» så godt:
En gang i fjerne tider trellet i andres jord,
fedre som møtte sulten uten et ord.
Nådeløs lå en vinter over vårt nakne land.
Da så de våren komme, kvinne og mann.