– Vi arbeider med Venstreliste

LISTEKANDIDAT. Nertila Stringa er en av de som blir å finne på ei eventuell Venstreliste i Birkenes ved kommende kommunevalg. (Foto: BA)

Venstre vil stille liste i Birkenes også i år. Etter to periodar med solid innsats av Ole Morten Vegusdal i formannskapet og kommunestyret frå 2011 til 2019, fall Venstre overraskande ut av kommunestyret i valet i september 2019.

Mange har spurt om det blir Venstreliste i Birkenes i år, og nå trur eg vi kan svare ja.

Også Birkenes treng eit raust, grønt og sosialliberalt parti som kjempar for dei som liten eller ingen stemme har, for dei som kjempar for både naturen og klimaet, og som vil vise støtte til det partiet som frå første stund har stått last og bram med Ukraina.

Dei viktige bidraga Venstre gav i kommunepolitikken i Birkenes dei to siste periodane vi var representert, og i mange tidlegare periodar, viser kor viktig partiet er. Det er også nær kontakt mellom Venstrefolk i Birkenes og representantane våre i fylkestinget, fylkesutvalet og på Stortinget. Det gjer at viktige saker for Birkenes blir både sett og løfta opp langt utover kommunen.

Nå arbeider både Venstremedlemmer i Birkenes og vi i Agder Venstre med å få flest mogleg gode namn på lista. Vi tar gjerne imot forslag, både frå folk som sjølv vil stå på lista og frå folk som vil foreslå andre kandidatar enn seg sjølv.

 

Jan Kløvstad

Nestleiar i Agder Venstre

 

____________

Brukerskapt