INNSPILL fra Olav Kristian Dovland: – Kva gjer me om 100 døyr og alternativet er portforbod i tre månader?

 

Pest eller kolera

I matematikkfaget har me noko me kallar for inkommensurable størrelsar. Usamanliknbare størrelsar, altså. Sida og diagonalen i eit kvadrat er inkommensurable – dei ikkje kan målast med eit heilt antal av ei felles eining. Det visste allereie dei gamle greske filosofane.

Ikkje er eg veldig gammal, ikkje er eg gresk og ikkje er eg filosof. Rett nok synest du kan hende avsnittet over var nokså gresk, så lat meg vri meg i retning av dit eg vil med innleiinga: Korleis vel ein mellom konsekvensane av coronatiltak og konsekvensane av å droppe coronatiltak? Korleis samanliknar ein A: smerte og død for nokre menneske med B: økonomiske- og sosiale tap for andre menneske?

Eg synest slike spørsmål er veldig vanskelege! Ville du helst bli skoten eller hengt, var ei populær problemstilling på barneskulen. Dette er noko av det same, berre at i spørsmålet om coronatiltak dreier det seg om å finne ein slags balanse mellom ulempene. Jo sterkare coronatiltak, dess høgare økonomiske- og sosiale konsekvensar. Eller ekvivalent, i det minste reint logisk. Jo lågare økonomiske og sosiale konsekvensar, dess meir smerte og fleire døde.

Me menneske er både rasjonelle og irrasjonelle når me blir stilt til veggs med slike problemstillingar. Lat oss prøve oss på eit filosofisk eksperiment: Lat oss seie at utan coronatiltak døyr eitt menneske og med coronatiltak går landet konkurs. Då trur eg me let stakkaren vandre. Kva gjer me om 100 døyr og alternativet er portforbod i tre månader? Same grunnproblemet, men vanskelegare å ta avgjerda.

I ein vanleg influensasesong døyr om lag 900 menneske av dette, nesten alle er eldre og svekka slik som for Covid-19. Me set ikkje inn noko av typen coronatiltak likevel. Grunnen er vel at me er så vande med problemstillinga at ho knapt er ei problemstilling. Ein annan grunn er at ein aktivt må søke etter talet 900 for å finne det – for bladfyken som vil opp og fram og for blekka som vil ha overskrifter er dette berre ein stor geisp.

Med Corona sørga nokon for at problemstillinga kom på bordet. Den var vrien! Ein viss svenske har fått mykje pes for sine vurderingar. Mange land i Europa brekk frivillig høgrearmen for sine vurderingar. «Fy, for ei osse!» Opp med handa, alle som vil byte stol med Bent Høie.