1500-talets mote

PIPEKRAGE: Sokneprest Fredrik Netland i den gamle samarien og med pipekrage til.

100 år gammal samarie på museeumsdagen.

Det blei ein strålande dag på alle vis, då Iveland og Vegusdal skipa til den årlege museeumsdagen. Folk fra fjern og nær strøymde til, det blei etterkvart ganske så fullt i museeumstunet på garden Fjermedal. Gudsteneste, korsong, foredrag og ikkje minst matøkt sto på programmet.

100 år gammal

Sokneprest i Iveland Fredrik Netland byrja talen si med å presentera kleddrakta si.

– Når ein skal halde preken på slik ein historisk stad, valde eg å ha på meg denne nesten 100 år gamle samarien, sa Netland.

Dette var moten på 1500-talet, prestane høyrde til embetsverket, og skulle være kled soleis.

Det er Heidi Margrethe Øina som er eigar av dette klenodiet, og har den etter sin morfar som var prest.

– Ja, den har vore «Noreg rundt». Min morfar Carl August Torp var prest på mange stader i Noregs land, og prestekjolen var flittig i bruk, fortel ho.

MAT: Kaffi og mat må til.

Stor kos

Barnekoret Ekko song både før og etter preika, ja, seinare og.

Folk storkosa seg i museeumstunet med rjomegraut, pylser, nysteikte vaflar, kake og kaffi.

Det var damene frå styret i museeumslaget og Iveland bygdekvinnelag som sto for frammifrå matstell, noko mange sette stor pris på. Det vart også høve til å gå inn å sjå på utstillingane i det store museeumshuset (magasinet), noko fleire nytta høve til.

Ein fin og tradisjonsrik seinsummar dag.

SONG: Barnekoret Ekko song med sine klåre røyster.