Vernar skog i Eldhusliane

VERN: Formålet med vern av Eldhusliane naturreservat i Birkenes kommune, Aust-Agder, er å ta vare på gamal høgproduktiv granskog og låglandblandingsskog. Den fuktige blandingsskogen er leveområde for blant anna den nær truga arten kvit vedtkorallsopp. FOTO: : J. G. Brynjulvsrud

Regjeringa vernar 28 nye skogområde som naturreservat. Mange truga arter lever i områda. Regjeringa er snart halvvegs i målet om vern av ti prosent av skogarealet.

– Skogvern er eit svært viktig tiltak for å bevare norsk naturmangfald. Det finst ni truga naturtypar og meir enn 1100 truga arter i skogane i Noreg. Hundrevis av insektarter, sopparter og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Det er derfor viktig at vi vernar dei viktigaste skogareala , slik at vi bidrar til å betre situasjonen for trua arter og naturtypar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i ei pressemelding.

Vernevedtaket omfattar totalt omlag 80 kvadratkilometer nytt verneareal med 56 kvadratkilometer produktiv skog. Det har vore meir enn ei dobling av løyve til skogvern sidan førre regjeringsperiode. Frå og med 2014 er det løyva nær 2,4 milliardar kroner.

I Birkenes er det denne ganga Eldhusliane langs riksvei 41 nord for Senumstad som blir verna.

Stor interesse for frivillig skogvern

Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003 og har blitt ein suksess. Til no er nær 600 skogområde blitt verna i dette samarbeidet mellom miljømyndigheitene og skogeigarorganisasjonane. Statskog SF eig eitt av områda i dette vernevedtaket.

Dei andre områda er eigd av private og inngår i samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog. Interessa for frivillig skogvern er stor, melder regjeringa i ei pressemelding.

– Eg er godt nøgd med at so mange skogeigarar tilbyr skog til frivillig vern. Skogeierane sine organisasjonar gjer ein viktig jobb for å hente inn tilbod om vern av dei viktigaste skogareala. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar, hadde vi ikkje lukkast i å verne so mykje skog som denne regjeringa gjer, seier statsråd Elvestuen.

Stortinget vedtok i 2016 eit mål om vern av 10 prosent av skogarealet i Norge. Til no er det verna om lag 3,8 prosent av den produktive skogen i landet og nær 5 prosent av det samla skogarealet.

Nasjonale og internasjonale mål

I tillegg til å bidra til å nå målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket òg bidra til å oppnå to nasjonal mål for naturmangfald:

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar
  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast

Vernevedtaket vil òg bidra til å nå internasjonale mål, blant anna målet i FN-konvensjonen om vern og bevaring av område som er viktige for biologisk mangfald.

Kva er frivillig skogvern?

Frivillig vern av skog betyr at miljøforvaltninga definerer kva for skogtypar og skogareal det er viktig å verne. Ut frå dette tilbyr skogeigar areal for vern. Miljøforvaltninga vurderer om området har naturfaglege kvalitetar som tilseier vern, og deretter forhandlar skogeigar og staten fram til ein avtale om frivillig vern. Skogeigar avstår retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og vil derfor få erstatning for tapet av framtidige inntekter frå skogbruk i området.

Normalt vil jakt, fiske og hausting av bær og matsopp framleis vere tillate. Skogeigar har framleis eigedomsretten og jakt- fiske og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrar kan han eller ho bruke og vedlikehalde som før. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet kan eigar trekke seg undervegs i verneprosessen og bruke skogen som før.