Klart for juletrefest

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

DNT Edru Livsstil Birkenes har juletrefest.

Den 5. dag jul, 29. desember, har i mange år vore avholdslaget sin dag for juletrefest på Birkeland bedehus. Slik blir  det i år også. Sokneprest Frode Eikrem skal halde andakt. Han skal også spele munnspel saman med sonen Benjamin på piano. Benjamin er ein flink pianist som også skal spele eit nummer åleine. Anders A. Engelskjønn, som har vore med i fråhaldsarbeidet i Agder i mange år, og som også er ein dyktig fotograf, vil vise bilete frå Flor og fjære.

I samsvar med tradisjonen blir det eit godt måltid: Rømmegraut med spekemat, kake og kaffe. Og så skal vi gå rundt juletreet og saman synge og gle oss over den tidlause julebodskapen og dei slitesterke melodiane.

Lars Aasbø