Det offensive våpen

ARKIVFOTO

Derfor er eg registrert fråhaldsmann.

For det første er eg fråhaldsmann fordi det er den einaste måten å vere offensiv i kampen mot alkohol. Dei aller fleste ser på alkoholen som ein fiende ein må sette opp visse grenser mot. Og dei same meiner vel også at informasjon om skadeverknadene av alkohol er på sin plass. Men trass i grensesetting og restriksjonar, informasjon og aksjonar har alkoholbruken auka. Alkoholen er på offensiven.

Midt på 1800-talet drakk folk her i landet mykje alkohol, så mykje at mange var urolege for skadane denne drikkinga førte med seg. Det blei stifta «måteholdsforeninger», og folk fekk formaningar om å drikke mindre. Men den viktigaste krafta som snudde denne uheldige utviklinga, var Asbjørn Kloster og hans krav til dei som var einige med han: Totalfråhald. Det blei færre som spurte etter og kjøpte alkohol. Dette er ein lærdom som er verdt å ta med seg i dagens situasjon. Dersom ein meiner at alkoholforbruket må ned, er det totalfråhaldet som er det offensive våpenet i kampen mot alkohol.

Så ønsker eg å vere eit eksempel for dei som følgjer i mine fotefar. Alkoholen er ei gift, skadeleg for helsa, og dessutan vanedannande. For mange menneske kan svært små mengder alkohol gjere dei avhengige av drikken. Det ville vere ille dersom eg hadde ei slik liberal haldning til alkoholdrikk at nokon kunne bli ført inn i ein situasjon der dei blei avhengige.

Kvifor registrert fråhaldsmann? Som fråhaldsperson i dag er ein i motstraum. Utan eit fast punkt å stå på, rek ein med straumen. Då kan det vere ei god hjelp å vite at ein har gitt ein lovnad som både går på å halde seg borte frå alkoholhaldige drikkevarer, og heller ikkje servere av det slaget til andre, ein lovnad ein vil halde som ein person det går an å stole på. Og så veit ein også at mange andre har gitt same lovnaden og er med i kampen mot alkoholen.

Det kostar nokre kroner å melde seg inn i DNT Edru Livsstil. Men så får organisasjonen 450 kroner i året for kvar medlem. Det er ei god hjelp i arbeidet for å hindre at nokon begynner å nyte alkohol. Det er som kjent så mykje betre, og billegare, å førebygge enn å reparere.

Lars Aasbø