Ett år i Sør-Amerika

Reisebrev frå Toril Espegren i Peru.

Reisebrev frå Toril Espegren i Peru.

Eg reiste til Peru mandag 3. mars. I Amsterdam såg eg nokre med munnbind. Eg tenkte i mitt stille sinn at « de treng då ikkje å vera så nervøse». Det gjekk ikkje mange dagane før eg måtte tenka på ein annan måte.

Eg bur i ein by som heiter Arequipa i sør i Peru. Her har Arild, mannen min, og eg vore med å starta ein barnehage og skule, El Mirador. I fjor , i august, hadde vi basar heime i hagen vår på Rugsland. Inntektene av denne basaren skulle gå til bygging av ungdomsskule. Det var fantastisk å koma opp på skulen og sjå at byggearbeidet var i sluttfasen. Sjøl om nytt skuleår skulle starta den 9.mars, og det gjenstod ein del arbeid, blei likevel eit klasserom ferdig til å ta imot den første ungdomskuleklassen. Historisk. Og takk for all støtte. Alt den 11.mars blei alle skular i Peru stengde fordi ein frykta koronasmitte. Alt byggarbeid måtte også stansa. Kva tid barnehagar og skular startar igjen er svært uvisst.

UTSIKT: Nybygget med utsikt i andre etasje.

Første lørdagen i Arequipa besøkte eg og rektor ein gutt på 13 år på ein barneheim. Vi fekk lov å besøka han ein time denne lørdagsettermiddagen.  Det er ein ettermiddag eg seint vil gløyma. Bekymringa for korleis han hadde det stilna noko. Han var smilande, rein og i godt slag. Vi hadde med oss ein ny grenser til han, bananer, chips og vafler. Maten skulle han dele med dei borna han budde i lag med. I den tida vi var der, sat han i grunnen bare inntil oss to damene. Vi hald rundt han, klemde han og prata med han om korleis livet var og korleis livet hadde vore for han. Eg opplevde denne besøkstimen som om gutten var på «lading». Mamma på barneheimen har bare eit fang, og nå fekk han litt ekstra av oss.

«Eg elsker deg, hermana (søster) Toril» sa han. Og eg kunne sei tilbake «Og eg elsker deg», og så sa eg namnet hans. Eg håper ikkje det blir så mange vekene til vi kan få beøske han igjen, slik vi lova.

Eg er sendt ut som misjonær og prosjektleiar av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Jobben min går mellom anna ut på å implementera «Mestrings og Motivasjonsprosjektet»  (SAMM) som eg har arbeid med på Birkenes Læringssenter, i den offentlige skulen her i Peru. Eg fekk anledning til å besøka ein skule som har over 300 elevar. Elevane var heime i karantene , men eg fekk gitt lærarane ei innføring i denne måten å arbeida på. Skulen ligg i utkanten av byen, i ein av dei store og fattige drabantbyane som Arequipa er omgitt av. Her lever familiane og barna under svært harde kår. Det dei tener i løpet av ein dag går med til å skaffe seg mat til neste dag. Slik går dagar, veker og år. Men midt i alt dette vonar vi at prosjektet skal gi barna eit håp om at PÅ TROSS AV all fattigdom og harde livsvilkår.

LEDELSE: Fra venstre rektor, leder av El Mirador og byggmeister.

Lærarane var veldig positive til prosjektet. Ein av lærarane som arbeider i ungdomsskulen fortalte om mange elevar som bur utan foreldre. Når ho spurte om kvifor dei ikkje hadde gjort leksene så fortalde dei at dei måtte vaske klede, prøve å selge små ting på markedet for å overleva. Håpet er at nokre av desse barna kan få det litt betre.

Då eg skulle gå tok rektor ordet. Ho fortalde at ho hadde bedd utdanningsmyndighetene og Gud om hjelp for å greia og møta alle utfordringane på skulen. Det var spesielt å stå der og høyra ho sa: I dag har Gud høyrt den bøna.

Kor er mannen min Arild alt oppi dette?

Han skulle koma hit den 1.april og vi skulle bu her i 1 år. Eg skulle jobba for NLM og han som frivillig på El Mirador. No sit eg her i Peru, åleine. Eg kjem ikkje ut av landet, og han sit åleine på Rugsland og kjem ikkje inn.

At dette er krevande veit vi alle svært godt. Håpet er om ikkje så altfor lenge så kan vi få vera saman her i Peru og jobbe for at barn skal få eit betre framtid.

Den dagen ser vi alle fram til.

Toril Espegren