Frå Spania til Vegusdal

MÅLLAGET: Frå venstre Kristine Foss, Signe Fidje, Odny Furholt og Elna Nygård. Bak Jens Vellene og Olav Kristian Dovland.

Haldar målet ved like.

Det er årsmøtetid for mange lag, og mållaget i Vegusdal hadde nett sitt årsmøte hjå Signe Fidje på Fidje i Vegusdal. Leiaren i laget, Olav Kristian Dovland, kom eins ærend med fly frå Albir i Spania til møtet, i god tid før koronarestriksjonane. Han og familien er for tida busett i Spania, og skal være der til summaren.

Dovland har framleis sitt arbeid på UiA, men er fristilt og har visse prosjekt som han jobbar med innen matematikk og forskning i Spania. Borna hans går på skule i Spania, forteller Dovland til Birkenesavisa, og de likar seg godt. Dei kjem attende til Noreg i juni.

God økonomi

Vegusdal mållag er ikkje blant dei største laga, men medlemsmassa er stabil.

– Faktisk så har me fått to nye medlemmer. Noko alle er glade for sjølsagt, seier Dovland.

Økonomien i laget er god, og på årsmøtet vart det drøfta å kanskje spandere eit abonnement på Norsk Barneblad til skuleelvane på Engesland skule.

Møtet vart avslutta med songen «Den fyrste song eg høyra fekk» av Per Sivle.