Singer til skreddarar

SINGER: Fra venstre Ahmad Kezper, Mai Lis Mollestad, Samer Al-Barahmeh, Toril Espegren, Omar Fallah og Mohamad Aletir. FOTO: MAY OLAUG HORVERAK

Ein bortgøymt skatt får nye oppdrag.

Tenk deg at du kom til eit nytt land. Du møtte ein ny kultur, ny mat, nye lukter, nye måter tenke og leve på. Og ikkje minst, eit nytt språk. Arabisk for eksempel. Korleis hadde du takla det?

På Birkeland har vi mange mennesker som har kome til oss, og opplever dette kvar dag.

Kvar og ein av dei ynskjer å bidra til samfunnet. Dei ville arbeida, og ikkje bare vera mottakarar av hjelpetiltak og introduksjonsordningar. Kompetanse, mykje kompetanse har dei med seg. Ofte i form av eit håndverk. Mange har jobba som slaktarar, taxisjåførarar , kokkar og skreddarar. Ikkje minst som skreddarar.

DEMONSTRASJON: Samer Al- Barahmeh, Omar Fallah, Muhamda Aletir og May Lis Mollestad ved symaskinen. FOTO: TORIL ESPEGREN

I eit hus på Lillesandveien, rett bortanfor Heimtunkrysset, ligg det gamle , gule og nydelege huset til Mai Lis Mollestad. Ho som hadde den gamle Sysmia saman med Anny.

I første etasje der, i dette vesle huset, har det stått gøymt ein liten, ubrukt skatt sidan Sysmia slutta. Ein svært god industrisymaskin. Ein Singer av ypperste klasse. Den blir aldri utslitt, og venter bare på nye oppdrag og å få sydd sine nye saumar.

I august i fjor, på Birkenes Læringssenter, der våre nye landsmenn skal læra seg norsk, starta vi opp med eit Motivasjonsprosjekt. Spørmåla som alle elevane fekk, var: Kva er målet med livet ditt ?

Kva kan hjelpe deg til å nå målet, og kva kan hindre deg?

Svara som kom fram var einstemmige: Vi vil lære norsk, få oss jobb og vera med på å utvikle og bidra til det norske samfunnet.

Som eit konkret tilsvar på spørsmåla har Vemund Ruud, han som hjelper ungdomsskuleelevane i Birkenes til å starta elevbedrifter, vore på skulen fleire gonger. Og om ikkje mange dagane får Birkenes Læringssenter si eiga ungdomsbedrift. Her skal elevane « lære ved å gjera». All den gode, men ubrukte kompetansen som våre elevar har , er blitt samla i ei ungdomsbedrift.

Singeren til Mai Lis har fått ny eigar. Den skal nå få sy sine rette og fine saumar på Læringssenteret. Skreddarane frå Syria har prøvesydd, og seier maskinen er av topp kvalitet. Like god som dei maskinane dei brukte i Syria. Mai Lis er glad for å få kunna selga symaskinen til nokon som er flinke til å sy. For det såg ho, når skreddarane prøvesydde i den gamle Sysmia. Og ho seier: «Eg er så glad for at maskinen kan bli brukt igjen, og at den kan kome til nytte og skaffe folk arbeid og ein betre kvardag».

Og om ikkje det er nok, så har Mai Lis sagt seg villig til å vera mentor for skreddarane frå Syria. Ho vil gjerne hjelpe litt til.

Så sit du der heime og savner Sysmia, der du kunne få sydd gardinene dine og få reparert tøyet ditt, så vil der ikkje om så lenge oppstå ei ny sysmie. Ikkje heilt som den som var før, men Singeren, den trufaste industrisymaskinen vil vera der, saman med dyktige skreddarar frå Syria.

Det ubrukte kjem snart i bruk.

Toril Espegren