Vil tale om livet me lever, og samfunn, organisasjonar og nasjonar.
I mylderet av hendingar og det me opplever, vil me gjerne finne årsaker og forklaringar og sjå samanhengar som kan hjelpe oss til å forstå livet og situasjonen me står i. Like eins kan me finne samanhengar og liner mellom tida her og nå og det som har vore og er blitt historie. Av og til prøver me å forlenge linene inn i framtida for å finne ut noko om korleis livet kan bli i tida som kjem.
På møtet torsdag kveld på bedehuset er Øystein Lied predikant og vil tale om De lange linjer. Det kan gjelde livet me lever kvar for oss. Men det gjeld også liner som er å finne i livet til samfunn, organisasjonar og nasjonar. Ei av dei lange linene her er historia til vår kyrkje, kristendommens historie. Denne lina går heilt tilbake til det gamle Israel, ja, heilt til patriarken Abraham frå Ur i Kaldea, det nåverande Irak.
Øystein Lied er misjonsprest og har gjort teneste for Santalmisjonen og seinare Normisjon i Equador og Cuba og for Kirkens nødhjelp i Guatemala. Det blir kollekt til Israelsmisjonen.
Alle er velkomne til møtet på bedehuset torsdag.
Lars Aasbø