– Kven har ansvaret til sjuande og sist?

Opplæringslovens § 13-10 og friskolelovens § 5-2 pålegger skoleeier å ha et forsvarlig system for å vurdere om og følge opp at skolene blir drevet i samsvar med gjeldene lover og forskrifter. (Innsender si understreking).

Det er Birkenes kommunestyre som er skuleeigar.

Når FAU og redaktøren i Birkenesavisa stiller spørsmål om kvifor utlysinga av skulemiljø-teamet ikkje blei lyst ut i god tid før skulestart, gjer dei ei samfunnsteneste. Pressa er den 4. statsmakt, som alle elevane i Birkenes lærer om. Pressa har pålagt/gitt seg sjølv eit oppdrag om å overvake samfunnet der vi bur.

Dei skal ikkje gjera det for å «ta» folk, men hindre at urett skjer, at det som er sant blir sagt.

Denne gongen gjer redaktøren si plikt, etter mi mening, med å bruke spørjeordet: KVIFOR?

Nå forventer eg at kommunestyret i Birkenes bruker dette spørjeordet i kommunestyresalen (så fort som muleg), og spør kvifor eit fatta kommunestyrevedtak ikkje blei effektuert før 9 måneder etter at dei gjorde vedtaket.

Som skuleeigar har dei plikt, ja dei er pålagt til å spørja administrasjonen om kvifor det blei som det blei. Og administrasjonen har rett og plikt til å svara.

Kven er det kommunestyret spør på vegne av?

Dei spør på vegne av oss som valde dei. Og dei spør på vegne av alle elevane i Birkenes som ikkje har stemme til å stilla dei vanskelege spørsmåla. Og få svar.

Som medlem av Krf oppmodar eg alle parti i komande 4 årsperiode til å vera aktive skuleeigarar slik opplæringslova pålegg dei å vera.

Det er barna våre dette gjeld.

 

Toril Espegren

Medlem av Krf

 

_____________

Leserinnlegg