– Under ei veke til jul og tankar skal delast

 

Under ei veke til jul og tankar skal delast i Tenkesmia.

Mykje har skjedd det siste året for min del, og sikkert for din del også. Me pleier på denne tida av året å sjå oss litt tilbake, på alle minna året har gitt oss. Med gode opplevingar, kanskje også nokre vonde eller dyrkjøpte opplevingar, humoristiske augeblink, alvorlige augeblink, og augeblink ein aldri ville ha vore forutan.

For min del har dette året romma litt av alt. Men dei augeblinka eg minnast best i år, er dei som eg har sett gjennom mine barn sine auge. Dei har vore ærlige, intense, kranglete, gledelige og ikkje minst berikande. Eg kan med hånda på hjarta seie at livet mitt følast rikare ut med alle dei opplevingane dette året har fylt livet mitt med.

Det får meg til å tenke på andre, dei som kanskje ikkje har like mange rundt seg til å fylle kvardagens tomrom med opplevingar. Der desse tomromma blir ekstra synlege nå inn i julehøgtida. Men eg håpar at me som møter desse menneska evner å sjå dei, og gje det lille ekstra i form av eit smil, vennlege ord eller eit lite besøk. For det er ikkje alltid så mykje som skal til.

Og kanskje det me alle burde bli flinkare til, er å gjere smil og vennligheit til ei vane, uavhengig av høgtid. For hugs, det er kvardagane som tel, heile året rundt. Eg veit at det finst mange av dykk som allereie gjer dette 365 dagar i året her i Birkenes, og det er eg svært takknemleg for. Men eg trur og at mange har meir å gå på, meg sjølv inkludert. Så det må nesten bli mitt nyttårsforsett! Å vere endå meir til stades i møte med dei menneska eg møter, og kanskje sjå litt ekstra etter dei som til tider ikkje er så synlege.

Dei av dykk som endå henger med i Tenkesmia mi, har skjønt at eg for fyrste gong skriv på mitt hovudmål, nynorsk/dialekt. Og det føles litt rart ut, men og godt. Det er ei forandring, og forandring treng me alle innimellom. Så blir det ikkje slik at eg alltid kjem til å skrive på nynorsk. (for eg trur mange egentlig fell litt av undervegs når ikkje det skrivast på bokmål).

Men tilbake til forandring. Eg blei kasta inn i ei reise i 2019 som skapte stor forandring i mitt liv. Det å bli Birkenes kommunes første kvinnelege ordførar har vore ei stor ære. Eg vil takke dykk for den tilliten og hurra ropa eg fekk i løpet av dei fire åra. Ikkje minst vil eg takke alle dei eg fekk gleda av å møte på ulike samlingar, utallige heimebesøk, kommunale møter, politiske møter, «ute på butikken møter», «klippe snor møter» og alle dei «ansikt til ansikt» møta eg har hatt. Dei har verkeleg gjort inntrykk og har påvirka mitt syn på korleis eg ser Birkenes i eit utvida perspektiv. Og fy søren så flotte me alle er, når me står sammen, både Herefoss, Vegusdal og Birkeland, og heia på kvarandre!!

Og det bringer meg til eit av mine favorittsitat her i livet:

«Alle disse dagene (menneskene: min oversettelse) som kom og gikk, ikke visste jeg at de var selve livet»

Når alt dette er sagt, vil eg mot slutten av denne Tenkesmia takke dykk alle for alle dei stemmene som Birkenes Senterparti fekk til årets kommunevalg. Me gjorde eit historisk godt val, sjølv om me ikkje vant sjølve valet.  Eg vil også takke alle dykk som gav meg ein personleg stemme eller ein slengar. For oppsummert, sjølv om eg ikkje fortset som ordførar, gav det å få flest personlige stemmer og slengera anerkjennelse for eit godt utført arbeid av meg og mitt Senterpartilag gjennom fire år, får dei som gav desse.  Og det skal seiast, at utan det fantastiske Senterpartilaget eg hadde med meg, samarbeidande parti og resten av kommunestyret, så hadde det ikkje blitt så bra.

Og med det bakteppet passer det godt å seie at eg ynskjer dykkar nye ordførar, Arild Windsland, masse lykke til. Han er ein erfaren mann i ordførerstolen. Og han er vald av fleirtalet av folket til å lede Birkenes gjennom dei neste fire åra. Eg har trua på at det kan bli bra, for han som meg, så vil me bare det beste for heile Birkenes, med alle kommunens tri sentra.

Tusen takk for opplevinga, tilliten, rausheita og varmen dykk alle har vist meg dei fire åra eg hadde ordførarkjedet rundt min hals.

Dykk er fantastiske, og det er nettopp du som kan skape dei gode augeblinka for dei som er rundt deg. Hugs det. Du kan gjere en forskjell for nokon.

Ynskjer dykk alle ei himla god jul og eit sabla godt nytt år!!

 

Varm joleklem frå Gyro

 

 

______________________________________________________

Dette er et eksternt innlegg. Standpunktene er skribentens egne.