Forbod mot plast

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Viss eg fekk bestemme ville eg ha forbode plast.

Dette lesarbrevet er ein del av ein serie lesarbrev skrive av elevar på 9. trinn ved Valstrand skule. Elevane har skrive på nynorsk, om emnet «viss eg fekk bestemme».

Plasten renn inn langs kystane over heile verda. Fuglar, kvalar, og fisk døyr etter dei har ete plast som dei trudde var mat. Eg synest dette er veldig trist, og vi må stoppe det snart. I gata ligg det søppel på asfalten fordi ein ikkje orkar å gå og kaste det i søppelkassa.

Ein kastar søppel ut av bilvindauga som om utsida av bilen var ei søppelkasse. Men det er jo ikkje det! Mange har lyst å gjere noko med dette, rydde opp etter oss. Det er blitt ein trend å «plogge» som er å plukke søppel mens ein joggar.

Å rydde på stranda og langs kysten er blitt meir og meir vanleg. Og ein kan vinne premiar av å rydde opp søppel. Det begynner å bli betre. Viss alle plukkar litt søppel kvar dag, blir det til slutt ikkje noko igjen. I tillegg kan dei som produserer plast på fabrikkar, byte ut plasten med tre. «Fordi alt ein kan lage av olje, kan ein lage av tre», ifølgje Norges forskingsråd.

Anne Marie Kylland