Terje Vigen på muséet

Ta turen alle som har sansen for dette fantastiske, forteljande diktet.

LESERBREV: Svein Jørgen Kleivane kommer til muséet med Terje Vigen torsdag 11. oktober, og då må alle som har sansen for dette fantastiske, forteljande diktet av Henrik Ibsen, ta turen til Knutsonsalen på Tveide.

Svein er en meister i å deklamere og formidle dikt, og han kan heile Terje Vigen utanboks. Dette dikteposet blei skriven av Henrik Ibsen i 1861, og det bygger på forteljingar frå Sørlandskysten under Napoleonskrigen 1808–1811.

På denne tida var Danmark-Norge i krig med England som hadde innført handelsblokade, og det blei hungersnaud i Norge. Terje Vigen rodde til Danmark etter korn for å «redde barn og viv», men blei tatt av engelskmennene og sendt i fangenskap.

Han satt i «prisonen» i fem år, og då han kom heim var både kona og dattera døde av sult. Dette er ei storslått og tragisk historie som seier noko om tap, nag, hemn, håp og tilgjeving. Svein brukar omkring ein halvtime å deklamere historia om Terje Vigen, men han er god til å fortelje og vil sette dette dikteposet inn i ein historisk samanheng om Napoleonskrigen og livet lang kysten i dei tider.

Bjarne Bjorvatn vil ta for seg korleis livet arta seg i dei indre bygde i same perioden, og det vil bli opna for innlegg frå tilhøyrarane som kanskje kjenner til lokale tradisjonar og forteljingar om denne hungernauden, for eksempel om borkebrød.

Bjarne Bjorvatn vil leie kvelden og det blir sjølvsagt servering. Svein Jørgen Kleivane bur på Bygland, men han har solide røter i Birkenes. Mor hans, Tordis Håkedal, var frå Birkeland, og ho var dotter av Jøren Håkedal frå Slogedalen, så Svein har mykje slekt her i bygda.

Han er no pensjonist, men har vore lærar på Skogskulen på Bygland og elles drive med hogst og sagbruk gjennom mange år. Han er aktiv i kristent arbeid på Bygland og har ei sterk interesse for kultur og dikt.

Det er alltid moro å høyre på Svein Jørgen Kleivane, han er god både på alvor og humor. Alle er velkomne til muséet denne torsdagskvelden i oktober der det også blir servering og kaffispleis og ein god prat.

 

Inger Birkeland Slågedal

Birkenes Bygdemuseum