Ja til norske grønsaker

Det du har på ditt middagsbord av grønsaker, har ringverknader, som strekkjer seg langt utover det enkelte måltidet.

LESERBREV: No vil vi i Aust-Agder bygdekvinnelag slå eit slag for norske grønsaker, som det bugnar av i våre butikker.

For det første bør vi ete meir grønsaker av omsyn til helsa vår. Ei ny helseundersøkjing slår fast at én av fire har fedme, og eit mindretal av den vaksne befolkninga er normalvektige. Det gjev ein stor helsegevinst å auke inntaket av grønsaker. Fem om dagen kan førebyggje overvekt, diabetes type 2, hjartesjukdom og visse former for kreft.

For det andre er det positivt for klimaet å velje norske grønsaker. Norsk grønsakproduksjon har eit lågt klimaavtrykk. I tilleg har vi gode føresetnader for å dyrke grove grønsaker som kål, lauk og andre rotgrønsaker i Noreg.

Med rett lagring kan dei lagrast i mange månader, og kan etast heile året. Du kan og bidra til å redusera unødig lange transportetappar ved å velje desse og andre typer grønsaker frå jord til bord.

For det tredje bør du velje norske grønsaker med tanke på Noreg sitt bidrag til det globale matfatet. Vi blir stadig fleire folk i verda, og alle må ha mat. Noreg kan bidra ved å produsere mest mogeleg næringsrik , trygg og god mat til eiga befolkning med utgangspunkt i våre naturgitte føresetnader.

Den 16. oktober var Verdens matvaredag, og mange bygdekvinnelag i Norges land har stått på stand med grønsakprodukt sundt, norskt og kortreist.

Vil du vere med og seie: Ja, til norske grønsaker?

 

Astrid M. Gavlen

Aust-Agder bygdekvinnelag