Norge treng Edru Livsstil

ARKIVFOTO

Saman med andre avholdslag/fråhaldslag med tilknytning til Det Norske Totalavholdsselskap (DNT) har Birkenes avholdslag skifta namn til DNT Edru Livsstil (+  namnet på stad/kommune)

LESERBREV: Det har ikkje skorta på appellar og opprop, aksjonar og tiltak for å få folk til å drikke mindre alkohol, frå WHO til nasjonale og lokale organisasjonar. Og dei fleste er einige i bodskapen, og det same fleirtalet lever bra med situasjonen slik han er. Men ikkje alle.

Litt om det alkoholbruket kostar landet vårt årleg (2011): 19 milliardar (minus statens inntekter av alkoholavgiftene 11 milliardar). Alkoholbruket er skuld i 30 % av korttidssjukefråveret og 15 % av langtidssjukefråveret. Dette kostar landet ca. 12 milliardar, då er trygdeutgifter ikkje medrekna. Kostnader påført tredjepart av alkoholrelatert kriminalitet og ulykker kjem på 5,3 milliardar.

Så kjem kostnader som det ikkje er råd å måle i pengeverdi:

300 000 kvinner oppgav at dei var redde for fulle personar på offentlege stader, 1 av 5 barn lever i  familiar der alkoholen er eit problem. 2 av 3 bilulykker involverer alkohol og/eller andre rusmiddel. Bruk av alkohol er årsak til 2 % av alle dødsfall og 7 % av tapte leveår. 60 % av valdtektene, 70 % av drapa og 80 % av valden går føre seg i alkoholrus.

Det er klart, «folk» må ikkje drikke så mykje. «Alle» er einige om at forbruket må ned. Det har dei meint i fleire tiår. Likevel har alkoholbruket dei siste 20 åra auka med 30 %. I den grad ein kan tale om mottiltak mot alkoholen, for ikkje å seie kamp, har denne kampen vore puslete, stakkarsleg og defensiv.

Korleis skal vi bli offensive i kampen mot alkoholen? Det går nemleg ikkje av seg sjølv. Det må noken val til som går mot straumen. Fleire må velje bort alkoholen som drikke, åleine, og i sosiale samanhengar. Då vil det bli færre som spør etter alkohol, marknaden for vara blir mindre, og det er det einaste språket dei forstår som står bak alkoholomsetninga.

I denne kampen er det viktig å stå saman med andre som kjempar for det same, nemleg ein edru livsstil. Den organiserte kampen mot alkohol starta slik for snart 160 år sidan. Historia har synt at aksjonar og kampanjar, skuleopplæring og informasjon har liten verknad over tid, samanlikna med dette at folk vel å ta avstand frå bruk av alkohol, står saman med andre som vil det same og går inn for å skape sosiale omgangsformer og selskapsskikkar utan alkohol. Dette skulle vere særleg aktuelt for foreldre til barn og tenåringar. Både i Birkenes og Lillesand er det organiserte lag som arbeider for ein edru livsstil. Dei treng fleir medlemmer og er opne for samfunnsengasjerte og ansvarsmedvitne menneske som tar dette vårt største sosiale samfunnsproblem på alvor.

 

Lars Aasbø

DNT Edru Livsstil Birkenes

 

Dersom du har et leserbrev du ønsker på trykk, send det til post@birkenes-avisa.no!