Birkenes er bedt om å bosette 25 ekstra flyktninger i år

 

Som varsla tidligere ville også Birkenes kommune få ei anmodning om å ta imot flere flyktninger i 2023. Nå er anmodninga kommet, og kommunen vår er bedt om å ta imot til sammen 65 i år.

Det er IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) som har bedt om dette i et begrunna brev til Birkenes kommune.

Og det er opplyst å være krigen i Ukraina som er grunnen til å få bosatt flere flyktninger.

– Det ekstraordinært høge talet på flyktningar frå Ukraina held fram med å vekse som resultat av Russland sin invasjon i februar 2022. Dei humanitære følgjene er dramatiske i Ukraina. I Europa er det meir enn 8 millionar fordrivne menneske frå Ukraina.

– Då krigen starta, oppmoda IMDi alle kommunane i landet om å busette flyktningar. Til saman busette Noreg rekordmange flyktningar på kort tid. Kommunane har gjort ein særs viktig innsats for å handtere situasjonen. Det har aldri kome så mange flyktningar til Noreg i moderne tid, og det kjem stadig ukrainske flyktningar over grensa til Noreg.

IMDi har nå kartlagt behovet for hvor mange flyktninger som trenger å bli bosatt ut året.

– Oppdaterte prognoser frå utlendingsforvaltinga peiker på eit økt busettingsbehov i inneverande år. Behovet er dermed større enn det som låg til grunn då oppmodinga vart sendt i fjor. Det er no naudsynt å auke talet på busettingsplassar. IMDi sender difor ei justert oppmoding om å busette til saman 38.000 flyktningar i 2023.

– IMDi har fått innspel frå fylkeskommunane i arbeidet med fordelinga av oppmodningstalet til kommunane. Ettersom dette er ei justert oppmoding, ligg dei same oppmodingskriteria og vurderingane for 2023 til grunn som i den opphavlege oppmodinga for i år.

– Med bakgrunn i den nye situasjonen oppmodar IMDi difor Birkenes kommune om å busette til saman 65 flyktningar i 2023. Dette er ein auke frå 40 busettingsplassar i 2023.

I brevet fra IMDi opplyses det at behovet for bosetting av disse flyktningene gjelder for hele 2023, og at man kan forvente fordelinger utover året.

– Plassar som ikkje vert nytta i 2023 overførast ikkje til 2024. Personar som er søkt ut til kommunen i 2023, men som først vert registrert som busett etter årsskiftet, vil telje på kommunens vedtak for 2024. Dette er ei vidareføring av gjeldande praksis.