Museumsdag på Fjermedal

(Foto: Privat)

Sundag 28. august skipar Iveland og Vegusdal museumslag til museumsdag igjen, etter to års pause pga pandemien.

Igjen kan me samlast i museumstunet på Fjermedal – fastbuande og utflytta ivelendingar og vegdølar, og folk frå bygdene rundt i god blanding.

Det vert ein museumsdag etter god gamal oppskrift. Fyrst er det friluftsgudsteneste, i år ved Ivelands-presten, Fredrik Netland. Etter gudstenesta vert det pause med sal av pølser, rjomegraut, kaker og kaffi.

I år skal Svein Kleivane kåsera, «den gudbenådede fortelleren fra Bygland» som han er omtalt som. Koret «Bygdegutane» frå Vegusdal rundar av programmet. Etterpå er det høve til å få ei omvising i utstillinga på museet. Der er det to utstillingar, ei arkeologisk avdeling med jord- og gravfunn frå stein- og jernalder, og med ein tusen år gamal stokkebåt. Dessutan ei utstilling med bruksgjenstandar frå det gamle bondesamfunnet.

Museumslaget gjer merksam på at den nye tid, med mobildekning, ikkje har nådd fram til museumsområdet, så folk må ta med kontantar.

 

Aslak Fjermedal

Iveland og Vegusdal Museumslag

____________

Brukerskapt