Fremtid for Jerusalem – bibeltime på Birkeland bedehus

LARS AASBØ. (Arkivfoto)

Etter meir enn eitt års opphald i den vanlege aktiviteten på bedehuset, startar me nå igjen. Torsdag 22. april er det bibeltime på bedehuset. Me kallar det ikkje møte, for det blir ei samling utan song. Det blir litt underleg. Song og musikk har alltid hørt med når kristne har komme saman. Men for å styrke smittevernet, sløyfar me allsongen. Så må det vere 1 meter avstand mellom dei som sit i storsalen på bedehuset den kvelden, folk frå same husstand kan sitte ved sida av kvarandre. Ha gjerne med ein lapp med namnet og telefonnummeret ditt for registrering.

Tema for bibeltimen er Fremtid for Jerusalem. Alle kjenner Jerusalem. Mange har vore på tur dit. Det var der påskedramaet utspela seg for snart to tusen år sidan. I dag er det heller ikkje lenge mellom kvar gong Jerusalem er nemnt i media. Men denne byen er meir enn ein stad i Israel. I bibelsk samanheng har namnet Jerusalem eit stort og viktig meiningsinnhald. Det skal Kurt Hjemdal ta føre seg i bibeltimen. Me kjenner Kurt, han har fleire gonger tala på bedehuset her. Han har stor bibelkunnskap og rik formidlingsevne. Kurt Hjemdal er ein forkynnar og lærar som det er verdfullt å høre. Han kjenner også Israelsmisjonen, der han har vore leiar i Landsstyret. Det blir kollekt til Den Norske Israelsmisjon. Velkommen!

 

Lars Aasbø

___________

Brukerskapt