Nytt nei til bygging av kraftverk ved Herefossen

(Arkivfoto)

Herefoss Energi AS har nå fått nei fra NVE til bygging av Herefoss kraftverk.

– Av omsyn til verneverdiane i utbyggingsområdet vedtar NVE å avslå søknad om konsesjon for å bygge Herefoss kraftverk i Birkenes kommune utan ytterlegare sakshandsaming. Planane er i strid med verneverdiane, er konklusjonen fra NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat).

I avslaget er det trukket fram flere vurderinger.

– Vassdraget nord for Rjukanfossen vart verna i 1993 i Verneplan IV for vassdrag. I 2005 blei vernet supplert og utvida ned til Herefossfjorden. I siste vedtak frå juni 2009 blei også den nedre delen av vassdraget tatt inn i verneplanen. Frå då er dermed heile Tovdalselva unntatt Rettåna med sidegreiner verna. Det overordna målet med vassdragsvernet er å ta vare på eit utsnitt av norsk vassdragsnatur. I supplering av verneplan for vassdrag, vedtatt av Stortinget i 2005, blei det opna for utbygging av mikro- og minikraftverk på inntil 1 MW i verna vassdrag. Likevel er det sett som ein klar føresetnad at utbygginga ikkje kjem i konflikt med verneverdiane.

– Herefoss kraftverk er planlagt med ei installert effekt på 0,99 MW og oppfyller kriteriet for å søke om konsesjon i verna vassdrag. Normalt er det kommunen som er vassdragsmyndigheit for søknadar om konsesjon for kraftverk under 1 MW, jf. vassressurslova § 64. I forskrift om kommunen si myndigheit i mindre vasskraftsaker, § 1, er verna vassdrag eit av unntaka frå denne myndigheita. NVE er dermed vassdragsmyndigheit og fattar vedtak i saka.

NVE peker i sitt avslag på Tovdalsvassdraget er et referansevassdrag.

– Tovdalsvassdraget er verna som den einaste større elva på Sørlandet der sjølve hovudelva renn frå fjell til fjord utan vesentlege kraftinngrep. Vassdraget er definert som eit type- og referansevassdrag. Vassdraget sin verdi for landskapet og naturmangfald knytt til elveløpsformer, botanikk, land- og vassfauna er tillagt vekt ved vernet.

– Referansevassdrag er utvalde vassdrag der dei naturlege prosessane skal få verke mest mogleg upåverka av menneskeleg aktivitet. Målet er at vassdraget skal kunne tene som målestokk for endringar forårsaka av inngrep i andre samanliknbare vassdrag. Det må derfor i utgangspunktet settast store krav til urørtheit i slike vassdrag.

Herefoss Energi søkte tilbake i 2012 om å bygge Herefoss kraftverk. Denne søknaden ble avslått av NVE avslo søknaden 2017. Herefoss Energi klaga på avslaget, men Olje- og energidepartementet opprettholdt avslaget.

Det nye avslaget gjelder en ny søknad fra november 2022.

I den nye søknaden er det ifølge NVE planlagt følgende endringer etter avslaget i 2018:

– Auka minstevassføring.

– Utforme inntaket slik at det lettar nedvandring av fisk.

– Ikkje regulere Gauslåfjorden, for slik å unngå at vassføringa vert endra i Laksefoss og Laksehøl.

– Å flytte utløpet frå kraftstasjonen nærare utløpet av Herefossen.

– I ny søknad er lengda på dammen auka vesentleg, opplyser NVE i avslaget.

– Sjølv om inntaket er trekt lenger unna jernbanen viser illustrasjonsbilete at magasinet vil strekke seg nesten heilt opp til jernbanebrua. I tillegg kjem tilkomstveg (ca. 105 m), kraftstasjon i dagen og oppstillingsplass (ca. 200 m2) utanfor stasjonen. Dette vil opplevast som store inngrep i landskapet. NVE meiner omfang av konstruksjon og inntaksmagasin bryt med føremålet om å ta vare på landskapet i vassdragsvernet.

I avslaget tar NVE også opp forholda knytta til laksen i vassdraget.

– Søknaden viser ein modell for korleis vatnet vil fordele seg mellom det austlege (Laksefoss) og det vestlege (Herefoss) løpet etter ei utbygging, men understrekar likevel at det er knytt usikkerheit til dette. Sjølv om minstevassføring er auka i ny søknad, legg NVE til grunn at tiltaket kan gjere det vanskeleg å sikre ei minstevassføring som sikrar laksen si vandring via Laksehølen og Laksefoss, som vist i Figur 2. Eit kraftverk i Herefossen vil kunne påverke korleis vatnet fordeler seg mellom dei to elvane, og slik sett gjere det vanskelegare å fremje eventuelle tiltak for å betre vandringa for anadrom fisk.

– Ved handsaming av førre søknad uttalte mange partar at det må leggast til rette for å auke produksjon av laks i vassdraget for framtida. Lokalt er det arbeidd mykje med å kalke og kultivere vassdraget, og laksefiske har stor betydning for lokalsamfunnet.

– NVE legg stor vekt på potensialet for å utvikle villaksen i Gauslåfjorden. Vår vurdering er at eit kraftverk i Herefossen vil svekke eller gjere det vanskeleg å lukkast med eventuelle tiltak for å betre oppvandring av fisk frå i Herefossfjorden til Gauslåfjorden.

Herefoss Energi har nå tre uker på å eventuelt komme med en skriftlig klage på avslaget fra NVE.