Et voldsomt tordenvær

(Illustrasjonsfoto: Pixabay.com)

For drøyt et hundre år siden, i slutten av august i 1923, meldte Agder Tidend om et sjeldent kraftig tordenvær som kom over Ånesland i daværende Vegusdal herred.

– Ljonelden slo ned i stovebygningen og øydelagde alt innbuet. Vindauge blei kasta langt ut paa vollen. Og folk vart lyft fraa stolane.

Her er referatet.

– Fraa Herefoss melder korrespondenten vaar:

– I 2 ½ tida igaar ettermiddag gjekk det et voldsomt torever over dei ytre bygder i Herefoss. Tora slo harde slag og det fylgde svære regn- og haglbyrgjer med. Hagli var store og dei ligg enno idag.

– Paa garden Aanesland i Vegusdal slo ljonelden ned i stovebygningen og gjorde fæl skade. Det verka som ein eksplosjon. Alt innbu som var i stova blei splintra og øydelagt og kasta hulter til bulter. Alle vindaugo vart slegne ut og kasta burt over vollen. Døri vart rivi ut med laas og hengsler og fór burt over svalgongen og slo inn kjøkkendøri. Paa loftet vart senger og alt innbuet kasta i eit røre.

– Telefonapparatet vart splintra, bitane slo ned i bordplata som vart sprengd. Det var eit kostbart apparat som ein hadde gjeve 200 kroner for.

– Sistpaa tok det fyr i gardina og under ei seng, men heldigvis vart elden sløkt straks.

– Til all lukka var det ingen inne i stova da ljonelden sol ned. Huslyden sat i kjøkenet og fekk mat. Men lufttrykket var so veldigt at dei vart lyft fraa stolane der dei sat.

– I alt er der gjort skade for mykje over 1000 kroner.