215 millionar kristne er forfølgde i dag.
I 50 land i verda i dag med eit folketal på tilsaman 4,83 milliardar er det 650 millionar kristne. 1/3 av desse, 215 millionar, lever under forfølging. Verst er det i land som Nord-Korea, Afganistan, Somalia og åtte andre.
Der må kristne skjule si tru både for familie og styremakter. Fortel dei om det dei trur på, eller dei blir tatt i å lære om kristendom, er dei i livsfare. I andre land, som Egypt og Etiopia, er ikkje forfølginga så sterk, men vald mot kristne og brenning og øydelegging av kyrkjer er ikkje uvanleg.
I andre enden av skalaen, i land som Kina og Algerie, er det også høg grad av forfølging i form av press og trakassering, sosial utestenging, og hindring av arbeid og utdanning.
Det er to store rørsler som i dag er den største trussel mot kristne: Spreiing av religiøs nasjonalisme i Asia, og den globale islamismen.
For oss i vårt rolege hjørne av verda er det vanskeleg å ta inn over oss at me opplever den største martyrtid i historia. Det er sjølvsagt uråd å få sikre tal på kor mange kristne som blir martyrar. For 2017 er det rapportert om 3066 kristne som leid døden fordi dei vedkjente seg si tru på Jesus. Noken organisasjonar opererer med både 5- og 6-sifra tal. 793 kyrkjer blei angripne.
Me som lever under heilt andre og gode forhold, har plikt til å hjelpe. Og det har me i dag gjennom blant annet organisasjonen Åpne Dører, som på ulike måtar gir hjelp til menneske som opplever forfølging i ei eller anna form. Det kan vere mat og nedisiner, og åndeleg hjelp og styrke frå radiosendingar, Bibel-delar og kristeleg litteratur.
På møtet på bedehuset torsdag kjem Fredrik Tybakken frå Åpne Dører for å forkynne og orientere om situasjonen til våre førfølgde trus-søsken. Der blir det også høve til å gje ei gåve til det verdsvide arbeidet Åpne Dører er med på.
Aud Vollan