– Eg fekk ikkje sova paa 7 netter

(Foto: Agder Tidend)

Eirik Nesbu fra vest i Herefoss var tilbake i tid en ivrig skribent i Agder Tidend, ei avis som svært mange abonnerte på her i distriktet. For hundre år siden hadde han en lang prat med Sofie Knutsdotter Aanesland. Og i avisas utgave lørdag 14. juni 1924 kunne man lese så mangt interessant hun hadde å fortelle, ikke minst fra åra hennes i «Ussing-Huset» ved Herefossveien ovenfor Årdalen.

Sofie var født på Kjærestrøm i 1835.

– Far selde Tjærestraum og med flutte til «Ussing-Huset» daa eg var ein gjentunge.

– Huset fekk namnet etter ein sorenskriver Ussing, som var med daa det vart skyldsett. Og Donke-Huset, som stod straks ovanfor, fekk sitt namn fraa det at dei brende tjøre der og selde i donkevis.

Sofie forteller så om da de i mangfoldige år dreiv «losjihus og kaffisal» heime i «Ussing-Huset».

– Det var slik at folk som reiste etter dalen maatte einstad taka inn, og det var mest ingen som vilde taka imot dei.

– Det var slik trafik med skipsbruk til Lillesand den tid. Um vintrane kom folk køyrande heilt ovantil Lisle-Tovdal, Vegusdal og Mykland. Dei kom tiast i flokkevis. Det var ein gong me talde upp 60 hestar i eit fylgje. Dei kom ovantil og utantil til alle tider paa døgnet. Kaffekjelen laut vera varm jamt, og staak og braak var det ofte heile natta. Nokre kom og nokre reiste uavladeleg. Det hende ein gong at eg ikkje fekk sova paa 7 netter, men daa duppa eg av straks eg sette meg nedpaa. Det var mest braak med myklendingane, for dei var so brenntidleg ute um morgonen. Ja, ofte køyrde dei heile natta.

Eirik Nesbu spurte Sofie om det var mye «drikk og turing» i den tida?

– Aa forskrækkeli! Folk maatte verta meir helsesterk daa, elles kunde dei ikkje ha levt. Det var ikkje sjeldan at dei kom køyrande med folk som var so døddrukne at dei maatte surra dei fast til lasset. So bar dei dei med seg inn og la dei paa golvet det belet dei fekk seg kaffe; og naar dei so skulde vidare var det aa binda dei fast som eit anna krettur. At dei ikkje fraus ihel! Jau, folk maatte vera sterkare før i tia; – det kann’kje slaa feil.

– Ein gong var Tellef Rislaa og Aanon Sønninga ille uti det, endaa dei var’kje fulle nokon av dei. Tellef vilde heimyver ein mørk haustkveld endaa klokka var halv tolv; men Aanon vilde bli natti over hjaa oss. Men ei stund etter Tellef var reist, kom det slik paa Aanon at han plent maatte uppover han ogso. Daa han kom til bruna straks ovanfor, høyrde han ei jamring i bekken; det var Tellef som hadde køyrd utfyre i myrkret og fenge lasset over seg, og der laag han so fastklemd at han kunde ikkje røra seg. Aanon hoppa daa beint i bekken og skulde hjelpa; men kom ned so keiveleg at han braut av seg foten.

– Klokka halv tri um natta vakna me ved at nokon slog i veggen so det drøna. Det var Aanon som hadde drege seg der ut med det brotne beinet for aa henta hjelp. Eg og bror min Isak fekk tak i lykt og øks og satte avstad. Tellef var ikkje død, men det var no paa høg tid at det kom hjelp. Tellef var so skral at eg halveges laut bera han heim.

Nesbu ville vite om de tjente godt på matsalget og nattelosjien på «Ussing-Huset»?

– Aa, nei, det var heller skralt. Me fekk berre 10 skilling for eit maal mat. Poteter og mjølk til kvelds kosta 4 skilling, og ein bolle med kaffi kosta 3 skilling um dagen og 4 skilling um natti. Ei halvpotte med maltøl selde me for 2 skilling.

– Nattelosjiet tok me aldri ein skilling for. Det var fritt for allesaman. Sengerom og stallrom – det var fritt altsaman.

Hele 34 år gammel ble Sofie ved St. Hans-tid i 1869 gifta bort til Ole Aanesland. Paret bosatte seg da på Ånesland.

– Me vart vigde i Engeslands kyrkje av presten Dietrichtson. Han var so glad i pengar. Den dagen fekk han mange pengar, for det var so mange som ofra med oss. Ola ofra 2 dalar og sjølv ofra eg 4; det var skikk og bruk daa at bruri maatte ofra meir enn brudgomen.

I stykket i Agder Tidend kommer det fram at 89 år gamle Sofie hadde ei usedvanlig god helse.

– Den har vore framifraa. Eg hev aldri vore sjuk og aldri søkt doktor. Ifjor fekk eg so leid ein hoste; men den dokterte eg sjølv med bukkeblad-te: Det er den sterkaste medicin som finst. Gigt og denting veit eg aldri kva er. Men eg brukar aa drikka upp 2 flaskor medicintran haust og vaar.

– Ja, gamle Sofie er sterk og robust som ein viking, skriver Eirik Nesbu.

– Enno stend ho paa aakeren i kornskurden og gjer fullt dagsverk. Ja, dei unge gjentone greider seg ikkje.