Stopp slaktinga

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Viss eg fekk bestemme ville eg ha verna betre om dyra.

Dette lesarbrevet er ein del av ein serie lesarbrev skrive av elevar på 9. trinn ved Valstrand skule. Elevane har skrive på nynorsk, om emnet «viss eg fekk bestemme».

Eg synest det er forferdeleg at dyr blir slakta. I nokon land blir laushundar og kattar myrda for å laga skinn, mat og andre ting. Kyr, sau og gris blir også slakta mykje. Eg er ein som et kjøtt, men eg likar ikkje at så mange dyr blir slakta. Om menneske held fram med slaktinga så kjem dyra til å døy ut.

Vi burde begynne å slakte mindre så dyra kan leve lengre. Folk burde heller ikkje jakte dyr som bur i regnskogen, ørkenen og i fjella for at dei bare skal stå utstoppa på utstillingar. Om eg fekk bestemme så hadde det vore lovar om at nesten alle dyr var freda. Sånn som dei har den raude lista, men strengare.

Alexander Andersson