Stem på parti som støttar språkleg mangfald på Agder.
Om få veker er det val til det nye Agder fylkesting, og da vil eg oppmode veljarane til å legge vekt på språkpolitikken til partia når dei legg setelen i urna. Frå 2020 får storfylket eit ansvar for å ta vare på nynorsktradisjonen som finst i fleire av kommunane, men også for å legge til rette slik at det blir lett å vere nynorskbrukar alle stader i fylket.
Gledeleg nok er det fleire av partia som har tydelege programpunkt der dei tar omsyn til at både nynorsk og bokmål er i bruk i det nye storfylket og at det må leggast til rette for bruk av begge skriftspråka i regionen. Det er kjekt å sjå at Senterpartiet har laga programmet på nynorsk.
Eg oppmodar språkinteresserte til å gå gjennom partiprogram og kontakte politikarar. Så bør dei røyste på parti og representantar som går inn for bruk av både nynorsk og bokmål administrativt og på nettsidene til Agder, og for at det skal lagast ein språkbruksplan som tar vare på rettane til nynorskbrukarane.
Det skal ikkje vere vanskelegare å vere nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i Agder fylke, verken som brukar av tenester, som tilsett eller som elev i vidaregåande skule. Det er opp til veljarane å stemme fram folkevalde som vil at det skal bli slik.
I Agder fylke der både bokmål og nynorsk skal vere i praktisk bruk, er det ekstra viktig at sidemålsordninga blir halden oppe, slik at skuleelevar held fram med å lære å skrive begge dei norske skriftspråka. Derfor bør veljarane sjå med skepsis på parti som går inn for å svekke nynorskkunnskapane hos bokmålselevar ved å innføre «prøveordningar» med fritak for sidemål.
Magne Aasbrenn
Leiar i Noregs Mållag