Styrkt ut av kommunereforma

Leiar: Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre.

Leiar: Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre.

Mange kommunar er såkalla nøytrale. Realiteten er at dei er språkleg medvitslause.

LESERBREV: Regjeringa har bede kommunane i landet om å vurdere å slå seg saman i større kommunar. Kva med administrasjonsspråket i storkommunen? Kva er konsekvensane for nynorsken?

Det mest nærliggande er at kommunar med bokmålstradisjon ikkje tek omsyn til språkspørsmålet – men held fram med bokmål utan å tenke seg om. Dette skaper vidare presedens for språket både i kyrkja og skulen og dermed heile samfunnet.

Mange kommunar er såkalla nøytrale. Realiteten er at dei er språkleg medvitslause og då blir det bokmål.

Er det viktig å halde på språket? Det er av det viktigaste som finst, for det har med vår eigen identitet og sjølvkjensle å gjere. Språket, både det skriftlege og det talte, er sjølve hjarterøtene. Kva er Setesdal utan sin rotnorske identitet? Ein forstad til Kristiansand …

Å ikkje tillate samisk på nord-norske skular var eit overgrep. Å gjere den same feilen nå mot nynorsk er like stort overgrep. Språkstoda må inn i utgreiingane til kvart einaste samanslåingsalternativ.

Mållaga på Agder går inn for å halde på dei kommunane me har i dag. Noreg – og dermed kommunane – har ein kort tradisjon med sjølvstendig styre.

Det finst i Noreg i dag eit breitt samarbeid på tvers av kommunegrensene i mange kommunar innan utdanning, helse, kultur, samferdsle, polititenester mm. Det som er særskilt bra med denne ordninga, er at kommunane sjølve har valt sine eigne samarbeidspartnarar – gjerne ulike partnarar på dei ulike fagområda – alt etter kultur, fagbehov og høve. Ordninga i dag er såleis mykje meir demokratisk, men samstundes effektiv og samtidsretta – som den nye reforma vert hevda å vere.

Vest- og Aust-Agder Mållag rår politikarar i kommunane og «folk flest» til å tenkje særleg på kultur, språk og identitet når samanslåing av grannekommunar kjem på den politiske agendaen. Nynorsk må sikrast for framtida.

 

Ålaug Rosseland

Leiar i Vest-Agder Mållag

 

Astrid Myhre

Leiar i Aust-Agder Mållag

 

Dersom du har et leserbrev du ønsker på trykk, send det til post@birkenes-avisa.no!