Kvifor ikkje bli ferdig?

Kvifor ikkje bli ferdig med vegarbeidet?

LESERBREV: Mange er opptatt av den nedsette fartsgrensa på ein del av vegen mellom Birkenes og Knudremyr. Det viktige her må vere tryggleiken til dei som arbeider der. Dei må få kjenne seg trygge. Dei sju km som er igjen, tar det 3 min. og 15 sek lengre tid å kjøre i 50 km/t enn i 80 km/t. Det har lite eller ingen ting å seie for folk flest. Det er berre å rekne med at turen tar tre og eit kvart min lengre tid enn slik det ein gong skal bli.

Men det som undrar, og irriterer fleir enn meg, er: Kvifor ikkje bli ferdig med dette vegarbeidet? Det starta så bra for vel eitt år sidan, og fleir enn eg trudde det skulle bli ferdig i alle fall i haust. Men nå i fleire månader har aktiviteten vore så puslete, dei fleste maskinene er vekk, berre ein og annan, av og til to – tre arbeidarar held på med eitkvart. Det måtte vel vere av interesse for alle brukarar av gang- og sykkelvegen og bilvegen, og for entreprenøren og vegvesenet at arbeidet blei ferdig? Det skulle vere gildt å vite kvifor fullføringa av dette vegarbeidet blir hala ut. Eller er det noke her som folk flest ikkje skal vite?

 

Lars Aasbø

 

Dersom du har et leserbrev du ønsker på trykk, send det til post@birkenes-avisa.no!