Baklengs forfra

Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix

Torbjørn Aasen er utdannet ved Norges musikkhøgskole, og har en variert musikalsk bakgrunn.
Gjennom en serie dikt deler han litt av hvert med Birkenesavisas lesere. Flere av diktene har sitt utspring i Birkenes.

Eg er ein mann på sytti år, og bur ein stad her sør.

Eg er visst kjend for mykje rart, mest for mitt gode humør.

Og humøret, det er viktig, ja heilt essensielt,

ein surpromp vil snart bli kasta ut, og må flytte inn i telt.

 

Men ein dag hende noko som gjorde at det stinka.

Eg var hos legen, målte høgda, ti centimeter hadde eg minka.

Da slo ein tanke ned i meg, som lyn frå klåre himmel:

Kan hende det vil helde fram, berre tanken gjorde meg svimmel.

 

Med ti centimeter per år, vil eg, når eg er åttito, ha minka med

ti centimeter årleg, og mi høgd er om lag ein halvmeter eller so.

Skulle eg verte enda gamlare, til dels nitti, vert storleiken lik ein flått eller bille.

Då lever eg farleg, då vert livet mitt ganske ille.

 

 

Trø difor varsamt om du er ute og spaserer, tenk deg vel om dersom du ikkje snur,

Insektet du trødde på kan like godt vere din oldefar, på retur …