Første skuledag

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Den første skuledagen, – det stikk litt i magen.

Torbjørn Aasen er utdannet ved Norges musikkhøgskole, og har en variert musikalsk bakgrunn.
Gjennom en serie dikt deler han litt av hvert med Birkenesavisas lesere. Flere av diktene har sitt utspring i Birkenes.

Elevane sit i velordna rekker,

I nyvaska tøy, utan hol eller flekker.

 

Mødrene sit langsmed veggen bak,

lik høns på vagle, med ryggen rak.

 

So kjem læraren, er kan ikkje minnast

om det var mann eller dame, det kan vere det same,

(det var jo heller kjørt, at eg ikke minnast bukse eller skjørt).

 

Læraren byrjar å spørre fra bibelsoga, der kan eg ein hel del

avdi eg har gått mange år på søndagsskulen,

og veit at me har både lekam og sjel.

 

«Kva for ein eigenskap hadde Johannes døyparen?»

Au, au, den var ikkje lett. Ikkje kjøyrde han taxi, ikkje støypa han …

 

Etter nokre sekund hadde eg svaret: «Han var ein egoist».

Men i staden for å seie «så flink ein gut»,

så lo sei vaksne, og eg, eg ville berre komme meg ut.

 

Dumme vaksne!