Evjeblom

SKOG: Liljekonvall vokser i skog og hager. Den får hvite blomster i ensidige klaser i mai (juni), Liljekonvall er giftig. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Eg elskar blomar, har alltid gjort det.

Torbjørn Aasen er utdannet ved Norges musikkhøgskole, og har en variert musikalsk bakgrunn.
Gjennom en serie dikt deler han litt av hvert med Birkenesavisas lesere. Flere av diktene har sitt utspring i Birkenes.

Eg elskar blomar, har alltid gjort det.

Især dei lange, men òg dei korte.

SOLSIKKA, mmm…verkeleg lekker,

fleirfaldige meter, smørgul, smekker.

LUPINAR, ein sigerherre på «vakraste-lista»,

LILJEKONVALLEN kan tevle, kan hende,

om titelen «venaste blom i opent lende».

Eg minnast eg gjekk meg ein tur eingong.

Det var på den tida då fuglane song.

Var åleine, gjekk der og småfeis,

lytta til fuglesong: Granmeis og blåmeis,

Brått såg eg noko eg sjeldan får sjå

ein skogbotn dekka av blomar so blå!

Eg jubla og song, heile lia skein av

BLÅVEIS, so vent at eg nesten grein.

Men det eg ville med denne teksten

var å fortelje om

«BLOME-VEKSTEN»

Eg kaller han det, avdi eg Ikkje finn han

i nokon bok om blomar og slikt.

Eg freister heller å gje han liv i eit dikt.

Eg fann han mellom vegen og sølepytten,

han sto der, nærast tagg om å bli fjerna,

kan hende han drøymde om å verta den store stjerna

på blomekalenderen anno 2017 (tjue-sytten)

Til vakre, framande blom, eg slapp å beile,

eg tok med meg blomen, rota, det heile,

køyrde til Gautestad, opp til hytta. Ingen protest frå han som vart flytta.

Første våren etter, eg venta i spaning, var blomen større?

Kan hende ein aning? …Nei, den tyktes lik, lik året førre.

Andre våren fylgde so; vart det noko endring no?

Eg ropa på kona, men same storleik, vart `kje betre om me var to.

Ut or det tredje, inn i det fjorde, sovisst ikkje det siste me gjorde,

Først etter året, det femte, byrja eg undrast: vart eg lurt?

Liten blome mot store meg, noko so surt!

Eg drog`n difor opp, med rot og det heile: illusjonane brast:

DEN VENASTE BLOMEN VAR LAGA AV PLAST!