Slutt på krig

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Viss vi fekk bestemme så hadde det ikkje vore krig.

Dette lesarbrevet er ein del av ein serie lesarbrev skrive av elevar på 9. trinn ved Valstrand skule. Elevane har skrive på nynorsk, om emnet «viss eg fekk bestemme».

Det hadde ikkje vore flyktningar, våpen og gråtande barn. Vi hadde lyst til å skrive om krig, fordi det er eit av dei mest relevante temaa i verda og det handlar om alle.

Krig er eit vanskeleg tema å snakke om for veldig mange. Det er ganske mange som har opplevd mange skumle ting som dei aldri vil gløyme. Krig er skadeleg fysisk og det kan også vere skadeleg psykisk.

Mange av dei som har opplevd krig har fått posttraumatisk stress syndrom. Posttraumatisk stressliding er ein tilstand kor ein kan få “flashbacks” og sterke minne om noko traumatisk som har skjedd. Nokon kan også få hovudverk, svimmelheit, kvalme og høg puls.

Vi meiner at krig ikkje er nødvendig, fordi konfliktar kan løysast. Viss partane kan snakke saman, kan dei klare å finne ein mellomting. Dei må rett og slett forhandle. For å løyse konflikten kan befolkninga stemme over det. Dette er vanleg i eit demokratisk land. Det er vi veldig glad for at vi har i Noreg. For å forhindre krig kan ein plassere fredsbevarande styrkar.

Tuva Birkeland, Hannah Bjelland og Arve Njåstad