Plast på jord

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Viss vi fekk bestemme hadde vi fjerna plast frå jorda.

Dette lesarbrevet er ein del av ein serie lesarbrev skrive av elevar på 9. trinn ved Valstrand skule. Elevane har skrive på nynorsk, om emnet «viss eg fekk bestemme».

Plast er overalt og veldig mykje av det vi brukar dagleg er laga av plast. Det er mange som ikkje hiver det i søpla og da endar det kanskje opp i dyr, i havet, i naturen, på stranda, ja overalt. Etter kvart som plasten brytast opp i mindre bitar, blir han vanskelegare og vanskelegare å fjerne frå naturen. Det blir gjort om til mikroplast, mindre enn 5 millimeter og nanoplast, mindre enn 1 millimeter.

Kvart år døyr store mengder sjøpattedyr, fuglar og fiskar av plastsøppel. Samstundes går milliardar av mindre plastbitar ut i jordsmonn og hav, blir etne av dyr og organismar i næringskjeda. Naturvernforbundet jobbar nå for å minske plastbruken i heile samfunnet. Kvart år hamnar over åtte millionar tonn plast i havet. 94 prosent av plasten søkk til botn av havet og blir dermed enda vanskelegare å fjerne. Vi meiner at vi alle må gjere noko for at ein skal få plukka opp all søppelet. Det er opp til kvar enkelt person å plukke opp sitt eige søppel.

Eivor Mathisen og Eivind Kylland