Rialiti-TV, kva er det for noko rart?
Torbjørn Aasen er utdannet ved Norges musikkhøgskole, og har en variert musikalsk bakgrunn.
Gjennom en serie dikt deler han litt av hvert med Birkenesavisas lesere. Flere av diktene har sitt utspring i Birkenes.
Det må ha noko med livets harde realiteter å gjere.
12 personar skal drive ein gard.
(all the things you are…)
Typiske ting ein gjer på ein gard:
Pil og boge, tautrekking, sleggekast, mjølkespannkasting, slå i ein spikar,
samt intrigar, alkotest (balansera på ein trestamme), reparere ei bu,
(tea for two)
So kjem det ein mann, tilfeldig, gåande opp til gjengen.
Han heiter noko merkeleg:
Gaute Gøtte Grav, underleg namn på den mannen der,
(out of nowhere)
Grautgrøven gjev dei oppgåver lik dei eg just nemde:
Så fell dei frå, ein etter ein … 12-11-10
(let it be)
både ho og han, kvinne og mann
til sist står berre to personar att:
skulle tru dei var som hund og katt, men nei:
dei står, uten blygsel og klemmer kvarandre,
tykkjer ikkje det tar seg ut.
Det ville me aldri gjort, eg og Knut.
(hey jude)
Grøttagrauten: «Korleis ser ein linjal ut?»
Kvinna: «Den er rett».
Mannen: «Laga av plast, ofte gjennomsiktig, med tall som
forklarer avstander på eit papir, stammar frå latin,
linearis, linoleum»
Dette går som smurt, snart er hytta mi… trur han.
Men grautgrøytten var av ei anna meining:
Gravgrytta: «Kvinna har rett, den er rett!»
For dette svaret, intelligent, og mykje snedig,
får kvinna ei hytte og ein VW Caddy,
(my hearth belongs to daddy)